Ambros Mosrygg 1907 - 1983

Dette er frå eit intervju, omsett til nynorsk og litt redigert. Frå Varden år 1970. Signert «Jac.» Red. O.N.

 Etter å ha sitera ordrett dei 15 femten versa av H.A, Brorsons « Til Aftensang» i Landstads gamle salmebok, pustar Ambros Mosrygg ut. Han legg seg attende i stolen og spør om vi vil høyra fleire salmer. --------- Kan du alt i denne store salmeboka utenat ? - Nei, ikkje alle, men dei eg synes best om. - Gransheringen Ambros Mosrygg er svært « belest », som det heiter. I motsetning til dei fleste av oss hugsar han storparten av stoffet han har gått gjennom. Han har sokalla klisterhjerne. Utan vanskar gjev han att utdrag og konsentrat av av lokalhistorie, noregshistoie og verdenshistorie. Religionshistorie er han særs godt inne i.

Men attende til salmeversa. Han har, så langt attende han kan hugse, hatt stor interesse for poesien. Han byrja med å lesa salmevers i fyrste klasse på skulen. Seinare lærde han seg mange fleire salmer enn heimeleksene den gong tilsa. - Men kvifor nettopp salmer ? - Jau, eg lika dei så godt. Dei har meire å gje enn andre dikt. Brorson er einaren, men Grundtvig er også god. Dei nye kan ikkje måle seg med desse, men Mathias Orheim er ikkje så verst ! Ikkje Jonas Dahl heller. - Puggar du ? - Nei, eg gjeng ikkje bevisst inn for det. Men det sit fast ettersom eg les. - Syng du mykje ? - Nei, berre når eg er aleine. Eg har ikkje songstemme og vil ikkje øydeleggja stemninga for andre. ---

Ambros Mosrygg har, bortsett frå eit par år i Østfold som gardsgut, budd på garden Mosrygg heile sitt liv. Oppe i lia på austsida av Tinnoset. Med sine trufaste hender i arbeid på jorda og i skogen. Det vart ingen annan utdaning enn folkeskulen. Men han har studera meir enn dei fleste, likevel. Men freista aldri skrive eigne dikt.

Lokalhistorie og slekt stend hjarta nær. Med røter i Heddal og Gransherad, han kan fylgja si eiga ætt attende til 1600-talet – det vil vel seia ein 12 – 15 generasjonar. Kjenner fødselsår og namn på alle formødre og forfedre. Ja, gebursdag med, på dei fleste. Tenk deg den ættevifta nedskreven ! Han er litt oppgjeven over menneska i dag, mange har problem med besteforeldra, i så måte !

Så gjev han nokre prøver på andre sider av sin kunnskap. Ramsar opp kongerekkjer med dei same vita, når dei styrde, med større og mindre hendingar innimellom. Set fingen på duken Som nå har blive eit kart. Startar i Kirkenes, gjeng søretter ut og inn av fjordar med byar og tettstader. Med særdrag og historiske hende. --- Jau, eg kan vel ta Europa med, men da må me svinga opp Østersjøen og ha med Finnland ! --- . Ser du kartet framføre deg ? --- Ja, like klart som om det hekk på veggen der. --- Og verden ellers ? --- Jau, eg trur da det. ---

Har du reist mykje ? --- Nei, eg har berre vore i Oslo, og så til Svinesund. Men det er mange stader eg gjerne skulle ha vore. Særleg Israel, det hadde vore interessant Men det blir vel ikkje noko av---.

Epilog

 

Ambros Mosrygg var adventist. Det vart han etter sitt opphald i Østfold. Han held laurdagen heilag. Og åt ikkje kjøt av gris. Men han var slettes ikkje det ein kallar for eit hengehovud, tvert om, forsynt med sin rikelege del av sansen for humor. Og med sterke meiningar om mykje og mangt, slik ein helst kan venta det frå folk, tilskorne ikkje så lite utanfor A4 formatet. Ein kan undrast på om denne levande harddisken ( «minnepinne» blir så vulgært ) - om denne nærast geniale evna til å hugsa kunne ha vore nytta i eit eller anna yrke ? Og i « Kvitt eller dobbelt » om han hadde lese seg fullt opp i eit tema ? Men slikt låg nok eit stykke unna hans interesser. Ofte er det vel også slik, at sterke, men relativt smale evner gjeng på kostnad av anna, eksempelvis fantasi og kreativitet. Sikkert er det – for oss som var så heldige å møta Ambros, han gløymest ikkje. Han valde sjølv dagen for avreise i åa som renn forbi garden. Så han hadde det kanskje ikkje så lett, inst inne, det er også noko ein kan ha med i tankane når minna sviv attende til denne særeigne, gode mannen.

 

 Olav Nisi