Krigshandlingane i Gransherad

Krigshandlingane i Gransherad

Olav Nisi

 I året 1940, den 9.april gjekk Tyskland til angrep på Noreg. Rjukan var eit viktig mål for fienden, denne byen med sin industri og kraftproduksjon. Sjølv om det ikkje var tungtvatnet fienden tenkte på, den gong. Likevel. ein tysk styrke vart sendt opp frå Kongsberg med Tinn og Rjukan som mål. I den tid var det ikke veg langs Tinnsjå. Tyskerane måtte ta vegen om Hovin, men vart der oppe stoppa av norske styrkar. I kampane var mellom andre gransheringen Olav Jacobsen var med som friviljug soldat. Tyskarane trong forsterkningar, og ein større avdeling som hadde kome til Notodden vart sendt oppover. Det var ikkje veg langsmed Follsjø til Bolkesjø heller den gongen, så tyskarane måtte leggja vegen om Gransherad. Dette fekk dei norske styrkane nyss om. og ville stppa den tyske avdelingen før det kom så langt. Det vart fyrst sendt ned eit par mann forkledd som tømmermålarar for å rekognosera i Gransherad. Alt såg greit ut. Ein tropp anført av sersjant Leopold Løvenskiold kom så ned til Tinnoset med ferga, dei fylgde jernbanespora vidare ned mot Gransherad med oppdrag å øydeleggja, sprenge brua, slik at tyskerane ikkje kom over og kunne møte sineeigne ved Ormemyr. Dette var den 30 april 1940.

Men dei rakk det ikkje, tyskerane hadde kome til bygda i mellomtida, og dei hadde sett ut vaktpostar på begge sider av brua, og ved jernbanestasjonen. Den vesle norske styrken tok likevel opp kampen, dei hadde funne seg stillingar oppe i To-åsen, og eit lag nede der vass-verket ligg i dag. Tre tyske soldatar fall eller vart såra før nordmennene måtte trekkje seg attende utan tap av liv.

Tyskarane trudde at det blei skotefrå huset ved bensinstasjonen. Bygningen som stend der i dag er ny, men staden er omlag den same. Den gong budde Olav Tråer og kona Guro andre etasje, over verkstaden. Olav Tråer, det var han som i si tid starta opp verkstaden og bensinstasjonen.

( Her må vi skyta inn eit par linjer om den sokalla Geneve-konvensjonen : Krigen har også sine lover, meir eller mindre respekterte. Som eksempel, sivile, ein sivilist eller folk utan uniform skal ikkje taka del i krigshandlingar. Då er dei utan rettar om dei blir tekne til fange. Det er heller ikkje lov å bruka ekspanderande ammunisjon, slik som jaktammunisjon, blyspiss, eller dum-dum kuler kalla)

Det fylgde ein svært dramatidsk situasjon.

Tyskarane hadde ikkje sett norske soldatar. Dei trudde at dei vart skotne på av sivilistar, og sette i gang med å skyta opp mot andre etasje av bensinstajonen. Olav Tråer, Guro og norskamerikaneren Kjetil Galten frå Busnes som den dagen var på besøk i huset, dei søkte saman i ein liten gang der oppe medan kulene spruta rundt dei. Handgranatar vart kasta mot vindauga. Ein fall ned på utsida og var meir til skade for fienden sjølv. To andre reiv opp veggar og golv og det byrja å brenne i huset. Olav Tråer reiv opp eit anna glas og kasta seg ut medan kulene susa rundt honom. Han fekk to skot gjennom kleda, den eine kula laga til og med rift i sokken, men utan at det vart ein dråpe med blod.

Guro kasta så ut eit par ryggsekkar og ei forskremd elgbikkje dei hadde, som sjølvsagt pistra og bar seg. Det vart nå eit opphald i skytinga, og Guro og Kjetil Galten fira seg ned. Guro hadde fått eit skot gjennom det eine beinet. Alle tre vart arresterte. Tyskarane slekte brannen sjølve, men situasjonen vart enda verre da tyskarane fann både våpen og blyspissammunisjon i bygget. For Olav Tråer var formann i skyttarlaget og ellers ivrig skyttar og jeger. Alle tre vart tekne ned til Notodden og fekk beskjed om at dei skulle skytast av di dei som sivilistar hadde tatt del i kampen. Men så sette presten vår den gong, Prost Songedal og Bernt Poulsson frå Hafsten seg i sving, dei kunne litt tysk, samstundes som dei fekk kontakt med den norske kommandoen på Rjukan, og forklara tyskarane realitetane. Og til all lukke vart sersjant Leopold Løveskiold teken til fange i full uniform, og dermed vart situasjonen noko lettare.

Men tyskerane trudde likevel at sivilistar hadde vore med i Gransherad. Mange bygdefolk vart dagen etter arresterte som gissel, stilt opp mot veggen og truga på livet om dei ikkje tilstod. Men ein ung gut dengong, Jon Mork, han hadde gått på realskulen og kunne litt tysk. Og fekk snakka med offiserane slik at det heile roa seg.

Det hende også eit par pussige episodar under desse alvorlege timane. Viktor Well, ein gamal svenske, han skulle til butikken og brydde seg ikkje om dei tyske vaktene, men slo og fekta med stokken sin og let seg ikkje skrema. Gunleik Sætre kom leianes med ei kyr som skulle til okse på Kopsland. Og dette fylgjet hamna også midt oppe i striden.

 I ettertid talde Olav Tråer 300 kulehol i bygningen. Mange frå maskinpistol, 9 mm Schmeisser sokalla, og dei braut heldigvis ikkje gjennom golvet til etasjen over. Men riflekulene gjekk tvert igjennom. I ein mjølsekk dei hadde ståande i spisskammeret fann dei 13 kuler. Og ein bil som sto inne i verkstaden var gjennomhola som ein sil.

Slik er soga i kortversjon om dei dramatiske timane i Gransherad våren 1940. Snart var krigen over, og vi gjekk inn i det som kallast okkupasjonsåra. Ei framand makt styrde landet, rått og brutalt. Men Gransherad var framleis med i kampen mot okkupasjonsmakta, utan at det var open krig. På Brekkeheia, nord for Bodik, vart det slept ned våpen og utstyr frå England til bruk for den opne kampen som kanskje ville koma. Kodenamn "COW" , den nest største slepplassen i landet. Dette kan det lesast om i eit anna stykke på sidene her.

I åren t 1940, de9.april gjekk Tyskland til angrep på Noreg. Rjukan var eit viktig mål for fienden, denne byen med sin industri og kraftproduksjon. Sjølv om det ikkje var tungtvatnet fienden tenkte på, den gong. Likevel. ein tysk styrke vart sendt opp frå Kongsberg med Tinn og Rjukan som mål. I den tid var det ikke veg langs Tinnsjå. Tyskerane måtte ta vegen om Hovin, men vart der oppe stoppa av norske styrkar. I kampane var mellom andre gransheringen Olav Jacobsen var med som friviljug soldat. Tyskarane trong forsterkningar, og ein større avdeling som hadde kome til Notodden vart sendt oppover. Det var ikkje veg langsmed Follsjø til Bolkesjø heller den gongen, så tyskarane måtte leggja vegen om Gransherad. Dette fekk dei norske styrkane nyss om. og ville stppa den tyske avdelingen før det kom så langt. Det vart fyrst sendt ned eit par mann forkledd som tømmermålarar for å rekognosera i Gransherad. Alt såg greit ut. Ein tropp anført av sersjant Leopold Løvenskiold kom så ned til Tinnoset med ferga, dei fylgde jernbanespora vidare ned mot Gransherad med oppdrag å øydeleggja, sprenge brua, slik at tyskerane ikkje kom over og kunne møte sineeigne ved Ormemyr. Dette var den 30 april 1940.