Forsiden

Andreas Pedersen

3 år som fange i Tyskland

 

Politi- og motstandsmannen Andreas Pedersen vart arrester 1. august 1942, og vart etter harde forhøyr her i Noreg sendt til Sachsenhausen i Tyskland og vidare til Buchenwald. Det som fylgjer er henta frå Telen av 8. mai 1965, noko redigert. Det gjeld krigens siste dagar slik Andreas Pedersen opplevde dei. (O. N.)

Russarane nærma seg frå aust, og den 23. april 1945 vart 2300 fangar truga ut på marsj frå ein underavdeling av leiren Buchenwald i nærleiken av Leipzig. Med eit minimum av mat og med dårlege sko vart kolonnene av fangar drivne mot den tsjekkiske grensa ved Erzgebirge. 1018 mann kom fram. Dei øvrige vart slått ned, skotne eller hadde døydd av sult og utmatting på vegen.

Da Andreas Pedersen starta marsjen hadde han ete eit halvt brød, 10 gram margarin og ein liten bit pølse. Under marsjen åt han to kilo poteter, og den siste dagen ein halv liter suppe koka på formarkkål.

Tidleg om morgonen den 8. mai, etter 15 dagar med uhygge, vakna dei og oppdaga at dei hata SS - vaktene var borte. Saman med 5 nordmenn, to polakkar, ein russar og ein tyskar frå Bayern stakk han vekk frå den sletta der resten av fangane låg, og inn i skogen. Der sovna dei, og vakna ikkje for langt utpå formiddagen. Så trefte dei på ei Wehrmacht-avdeling som prøvde å slå seg attende frå dei tyske linjene. (Til orientering for nye generasjonar av lesarar - SS eller Schutzsstaffel -soldatar var ivrige eidsvorne nazistar, Wehrmacht-soldatar var mest vanlege utskrivne menn )

Dei nå frie fangane fekk ikkje vera med, men vart rådd til å finna ein lastebil i nærleiken, der det visstnok skulle vera mat å finna. Da dei skulle gå sa sjefen: "Krigen er slutt og ingen kan gjera dykk noko. De kan gå dit de ynskjer. " Like etter støtte dei på ein SS-offiser på motorsykkel. Han berre såg bort og køyrde vidare. Dette gav oss meire mot, seier Andreas Pedersen: "Vi gjekk vidare, men fann ikkje den lastebilen med mat som det var snakk om. Men vi kom til ein åpen plass der det var ei mengd med trøytte soldatar som sat og forbanna Hitler. Der slo vi oss ned, og saman deila vi eit halvt brød vi fekk. Det smaka som fløte.

Vi gjekk så inn i mengda med troppar, men vart brått anropa av ein SS Sturmführer med adjutant. Begge bar maskinpistolar. Vi vart kommandert "Hände hoch" - armane i været, men vi sa at vi var nordmenn og at krigen var slutt. Heldigvis var ikkje russeren med oss lengre, han var mongol og ville sannsynlegvis blive skoten på staden. Offiseren mønstra oss, og ba oss gå vidare. Så vi snudde, men etter ein augneblink stivna vi til av redsle. Vi høyrde adjutanten seia at det var ordre om at alle fangar skulle skytast. Men den overordna sa, - la dei gå.

Seinare kom vi fram til ein landsby. Vi la oss i vegkanten utanfor og sende ein av karane ned for å finna mat. Ei mengd tyskarar, soldatar og sivile flaug rundt, men brått kom det opp eit kvitt flagg. Russarane var nær, og etter kort tid fekk vi dette sanna av han som kom attende til oss etter matekspedisjonen.

Så kom vi inn i byen og trefte ein russisk offiser som gav oss eit heilt vertshus med innbu og lausøyre.

Men for oss var det mat og atter mat vi tenkte på. Og russerane diska opp, vi sat vel i tre timar ved bordet.

Det var overflod av pålegg og lekre saker, men berre eitt brød. Etter kvart kom det meir brød. Og landsbyen fyldes opp av tanks og soldatar. To radioar vart sette opp, stilde inn på Moskva og London. Og så vart det skåla til sigersfanfarer ".

I den vesle landsbyen Obergraupen heilt inne ved den tsjekkiske grense ( nå Horni Krupka, CZ ) måtte Pedersen og hans medfangar vera i tre dagar før dei kunne venda attende til sletta der dei tidlegare hadde reist frå dei andre. Og vart møtt av eit grufullt syn. SS hadde kome attende og meia ned 600 fangar med mitraljøse. Dødsmarsjen hadde kosta over 1600 liv.
Seinare kom Andreas Pedersen til Dresden. Derifrå vidare til den amerikanske sektor, og så til den engelske. 16. juni 1945 var han attende i Noreg.