Historielaget på vikingtokt: 10.02.2017.
Historielaget på vikingtokt
Det er den draumen seier
diktaren. Ja, fleire i historielaget har drøymt om å få sjå att nokre av skattane som i si tid vart ført over til Sverige, til Historiska Museet i Stockholm. Ting som vart samla og kjøpt opp av vår eigen
Torjus Leifsson Jore. Oldsaker frå heile Noreg samla han inn for den svenske museumsmannen Artur Hazelius. Men så viste det seg at denne samlinga i året 2005 vart tilbakeført til Kulturhistorisk Museum, Universitetet
i Oslo, i høve hundreårsjubileet for unionsoppløysinga. Som "eit generøst langtidsdepositium" som det stend i ei brosjyre.
Arkeologen
Jostein Gundersen som sjølv er knytt til bygda vår, han ordna opp med så vel skriftleg underlag så vel som kontakt med dei ansvarlege ved museet. Og den 10.februar 2017 drog ein gjeng innover til Oslo, der Jostein møtte
oss, det var Torstein, Halvor, Olav K , Sigmund og Olav N. . Ole Dyre H. kom også til.
Nå er det slik at få av dei om lag 500 tinga som
kom attende frå Sverige er permanent utstilt. I alle høve ikkje enda i den heller gamaldagse bygningen som hyser museet i Fredriks gt. 2. Dei ligg nærast på lager, med arkivnummer som ein sjølv kan søkja
heimanfrå, ved å klikka seg inn på heimesida unimus no.
For oss var dei mest aktuelle sakene ordna og lagt fram. Vi vart tekne godt hand om. Og om nokon tenkjer seg
ein konservator som ein noko innturka figur, sterkt prega av sin daglege omgang med oldsaker og antikvitetar ? Nei, her kom ei det ung , kjekk og velstudert dame, overingeniør var ho, ei som fekk oss karane i tankar om at vi
kanskje skulle ha lagt enno meir arbeid i vår personlege oppsjaining før vi drog heimanfrå.
Det var vesentleg ting funne på gardane
Bøen, Havstein, Li og Nisi som var tilrettelagt, det meste frå jernalderen. Øksar og sverd, smykker og spenne. Og så det kjempestore drikkehornet med en sprekk - "som findes i det, skal være forårsaget
derved at en Gjest engang slog en anden med Hornet i Hovedet".
Dette hornet frå Nisi er truleg frå tidleg middelalder. Ein må undrast på om det var dyr med så store horn her den tid. Kanskje er heile hornet med
messingbeslaget å rekna som importvare. Vi veit ikkje. Sverda frå Li og Bøen var mindre enn det tunge, einegga frå Nisi, men begge desse fyrste var tveegga og rikare dekorert, noko ein enno tydeleg kunne sjå, trass
i dei 12 - 1500 år dei hadde vore nedgravne. Konservatoren nemnde at den sure nedbøren som kjem ned i vår tid, den tærer fortare på slikt som framleis måtte liggja ute. Så det blir etter kvart vanskelegare å
finna "skattar" av tilsvarande kvalitet.
Torjus Leifsson er i ettertid sterkt kritisert for sitt arbeid for Hazelius. Det er ikkje lenger rett, sett med dagens augo.
Hans motiv er nå ein ting, men alle desse sakene vart ved hans arbeid tekne godt vare på, Pengesterke krefter, også private folk frå heile Europa var på jakt etter slike ting den tid. Vi har all grunn til å tru
og tenkja - "best var det kan hende det gjekk som det gjekk !"
Gransherad Historielag ved ovannemnde høvdingeætlingar seier takk til arkeolog
Jostein Gundersen og overingeniør Hanne Lovise Aannestad for den tida som vart bruka på oss !
Ref. Olav N.
Et Drikkehorn, den hele Længde, i ret Linie, 1 Al. 7 T. Aabningens Vidde i Gjennomsnidt 5 T. Hornet er temmelig krumt, uden Fødder, i dets spidse Ende et huult Messing-Beslag 5 T. langt, endende i en rund, ligeledes huul Knap, om denne øvre Rand et Messing-Beslag 3 T. bredt, videre oventil end nede ved Hornet, midt foran på Beslaget er afbildet på en Throne siddende kronet Konge, med Stridsøxe i høyre og Rigsæple i venstre Haand., hvilket Billede maaskee skal forestille St. Olaf, rundt om Beslaget findes, med Middelalderens alminnelige latinske Bokstaver, Indskriften "Jaspar, Melchior, Balthazar", de tvende første Navne adskildt fra hinanden ved et tagget Løvblad, de tvende siste ved et langaktigt Punct; begge Beslag , baade det øvre og de nedre ere stærkt forgyldte, i selve Hornet, oppe ved Rand-Beslaget, findes en ubetydelug Revne.
Dette store Drikkehorn har været opbevaret paa Gaarden Nissie i Gransherred Annex til Hjerdals Præstegjeld, paa hvilken Gaard det meget lenge skal have været.
Efter Sagnet skal det have været brukt ved Gjæstebuder og ved Bryllupper, at tømmes i et Drag af hver enkelt Gjest; skvalpede noget af Øllet i det, naar den Drikkende tog det fra Munden, saa maatte han tømme det på nye. Sprækken, som findes i det, skal være foraarsaget derved, at en Gjest engang slog en anden med Hornet i Hovedet. Dette Hornet skal ellers længre tilbage i Tiden have været langt større end det nu er da man formedelst Hornets Beskadigelse har været nødt til at afskjære noget af dets øverste Rand og flytte Beslaget ned. Størrelsen er imidlertid endnu betydelig.
Gaarden Nissie, paa hvilken Hornet har været opbevaret, skal i ældre Tider, efter Sagnet, have været et Sæde for mektige Høvdinger og Tingsted for Hjerdal og Tinds Præstegjeld. Blandt Beboerne skal især en Lehnsmand ved navn Thorgrim have utmerket sig. Han, hedder det, havde klokkesatte Skjæker for sin Kirkeslæde, det vil sige, havde ranglende Beslag på Skjækerne; og Præsten gik aldrig til Kirke, før han saae Thorgrim på den saakalte Nesbroe, der engang laae over Tind-Elv, men nu er forstyrret på nogle av Stenkarrene nær. Thorgrim skal være bleven 126 Aar gammel, og skal i sin siste Levetid have deelt Gaarden som dengang kaltes Store Nes mellom sine Sønner i de 4 Parter, hvori den endnu er deelt.
C. 54805: Gravfunn fra Vikingtid
Sverd av jern som Petersen 1919, type C. Kompakte, kraftige hjalter og klinge. Overhjaltet har, som typeeksempelet, en markering mellom overhjalt og knapp i form av en svakt markert rygg, utover dette er høysidene glatte. Underhjaltet er rygget som typeeksempelet. Enegget klinge. Resterav glødeskall. Klingen er svakt bøyd noe nedenfor midten, forøvrig er sverdet i relativt god stand. Funnet ved Nisi i Gransherad for omtrent 40 år siden; erhvervet 1879.
Nyeste kommentarer