Sleppmyra

COW

 Det som fylgjer er ein redigert og utvida versjon av forteljinga som i 2014 vart framførd for skuleungdom i Gransherad ved minnesmerket oppe ved Kaptein på Brekkeheia. For dei som vil vite mykje meir om denne tida, anbefalast bøkene "Lamplight" av Svein Vetle Trae, og "Tortur, flukt og gisler - til tross" av Herluf Nygaard. Og alle er velkomne til Notodden & Omegn Heimefrontmuseum.

Olav Nisi

 

"Under krigen" seier vi, dei fleste av oss når samtala kjem inn på dei 5 åra da vi låg under tysk herredøme. Dette er ei sanning med visse atterhald, landet Noreg var slagmark dei fyrste par månader som verdskrigen, "World War II " varde. Krigen her heime tapte vi i 1940 mot den tyske overmakta. Deretter var vi okkupert. Okkupert, det vil si at landet var styrt av ei annan makt og av andre lover. Vår eiga grunnlov, som vi feirar 17 mai, den vart sett til side. Konge og regjering rømde til England, saman med andre nordmenn som etterkvart tok seg over havet. Kampen ute vart også ført vidare av den norske handelsflåten.

Tyskland var sumaren 1941 så dumme at dei invaderte Russland. Japanarane, som var på Tysklands side var i desember 1941 så lite kloke at dei gjekk på USA, Dermed kom Russland og USA med sine millionar av menneske, og med sin store produksjonskapasitet med i krigen mot Tyskland.

Så, etter snaue 3 år snudde krigslykka for tyskarane ute i verda. Våren 1944 var store mengder med krigsmateriell og soldatar samla på sudkysten av England klare til å kryssa den engelske kanal og invadere Frankrike med Tyskland - hovudstaden Berlin som endeleg mål.

Tyskarane skjøna at det ville røyne på om dei ikkje fekk fleire soldatar. Derfor ville dei ha tak i norske ungdomar og tvinge dei inn i krigen på si side. Lura dei inn bakvegen så og seia, ved eit tiltak som heitte Arbeidstjenesten. Derfor rømde norske ungdomar til skogs våren 1944. Fleire frå Notodden og distriktet rundt hamna på Djupedalshytta mellom Sætre og Vindolen i Bodik-traktene. Det måtte mat og utstyr til for desse gutane, og mange folk frå Gransherad var med på å skaffe forsyningar, noko som måtte utførast utan "at det kom på bygda" - og endå verre - at rykta kom vidare til den tyske "Ortskommando" på Notodden.

Landgangen i Frankrike kom den 6. juni 1944. Tyskland var på full retrett i Russland og Italia. I Noreg hadde tyskarane meir enn 300.000 mann under våpen. Etter kvart vart det vi kallar for Milorg skikkeleg organisera. Ei norsk, hemmeleg motstandsrørsle som hadde to, eigentleg motstridige hovudmål: Tyskarane måtte hindrast i å senda sine soldatar ut av landet og ned til frontlinjene i aust og vest- Europa for der å forsterke sine etterkvart slitne og uttynna divisjonar. Dette vart gjort av Milorg ved operasjonar som gjekk under kodenamnet "Operasjon Betongblanding". Mellom anna vart jernbanebruer sprengt.

Ein skremande tanke var at det siste store slaget kanskje ville stå på norsk jord, med så store tyske styrkar fastlåst i landet, troppar som i desperasjon kanskje ville slåss til det siste. Ein måtte hindra at landet vart øydelagt. Kraftstasjonar, demningar og andre strategiske mål måtte spesielt vernast.

Med tanke på begge dei nemde formål vart Operasjon Sunshine, med avdelingane Moonlight, Lamplight og Starlight etablert i Øvre Telemark og Numedal.

Våpen og utstyr var det lite av, men noko blei gøymt burt etter kapitulasjonen, i 1940 og nå i all løyndom grave fram att. Ved kysten blei det lura inn mykje med fiskeskøyter, vi kjenner namnet Shetlands-Larsen, ein omfram, modig og gløgg kar. Han mellom så mange andre. Men i innlandet måtte våpen, ammunisjon og utstyr koma frå lufta. Frå fly, i fallskjerm. Nå fekk karane som hadde rømt frå arbeidsteneste, dei som låg oppe i skogane rundt om i heile landet noko verkeleg meiningsfullt å gjera. Til oss i Gransherad og avdelingen Lamplight kom ein offiser og instruktør frå England som heitte Herluf Nygård. Han organisera det meste i samarbeid med Hans Tjønnås som var sjef for Gransherad Milorg, den lokale gruppa som etterkvart vart rekruttert. Professor og major Leif Tronstad, kjent frå tungtvatnsoperasjonen var den øvste sjefen for heile operasjon Sunshine. Han kom rundt på inspeksjon til sine folk, og ikkje minst for "pep talk" til dei av mannskapa som låg i skog og fjell under heller kummerlege forhold med omsyn til mat, klede og husvære: Hald ut ! Det er snart slutt ! Etter han hadde hoppa ut i fallskjerm oppe på Hardangervidda vinteren 1945 og knapt vore ut av kleda, var det godt med ein "sauna", eit bad. Og det hadde dei i Nistugu-Brekke der Olav O. Venås, ordonnansen budde. Eg tillet meg å nemne at mine besteforeldre nærast vart "sett ut" i respekt for denne sterke og sympatiske personlegdomen Leif Tronstad. Og dei snakka om han i vemod seinare, berre etter den korte ettermiddagen og kveld dei lærde han å kjenne, - den gong utan å vite kven denne "Birger" (dekknamn) eigentleg var. Dette var 8. mars 1945. 3 dagar seinare vart Tronstad drepen oppe på Rauland.

Olav Tråer hadde "gardsgutar" heime hjå seg, ein av dei var radiotelegrafist og hadde samband med England. Stasjonens kodenamn var Hawfinch Blue. Og karane på hytta i Djupedal venta og var klare til innsats. Dei hadde ein liten mottaksradio som vart kalla "sweethearth ". Og ordrar vart sendt, frå England kom kvar kveld nyhende og meldingar til det okkuperte Europa. Sendinga byrja alltid med dei fyrste taktene av Beethovens 5. symfoni, den sokalla skjebnesynfonien. Dei fyrste tonane lyer, tunge og sterke : do do do dooo - prikk prikk prikk strek . Det er bokstaven V i morsealfabetet og V er fyrste bokstaven i ordet Victory - som betyr siger ! Vi kjenner bilete frå London, der Winston Churchill med peikefinger og langfinger held handa i været og visar dette symbolet. Men meldingar om flyslepp kom ikkje i klartekst. Det kunne sjølvsagt ikkje seiast for open mikrofon at i kveld kjem det fly oppe ved Bodik med våpen til Gransherad og Notodden-området. For tyskarane lydde på radio dei også. Nei, det var såkalla særmeldingar. Heilt toskete strofer som "Reven har fått seg hornbriller" - "Kanonene spiller Chopin" eller "Kyra går i raggsokker". Men karane oppe i Djupedal og dei innvigde i bygda elles, dei venta på meldingen "På ski over lyng og kvast". Da var det klart - til natta ville det koma fly og fallskjermar over Brekkeheia til slepplassen som hadde kodenamnet "COW", Og ungdomane frå Gransherad, våre eigne strevsame heltar, dei måtte til skogs, til fjells. Ofte på ski i tungt føre. Våre eigne COW- boys hadde ingen hest å ri på. Men kanskje ein til fånyttes og slitsam tur - det hende at fly måtte snu utan å nå målet, grunna motortrøbbel, fiendefly på vengene, eller om dei møtte uventa dårleg vær. Det var forresten fleire slepplassar i bygdene og fjella rundt som låg under avdeling Lamplight. Alle med dyrenamn - slik som "PIG", "DOG" , "CAT".

Korleis flya fann fram ? Dei hadde kart og flinke navigatørar. Men det måtte vera månelyst og klarvær. Ein flyg ikkje lågt over fjellandet Noreg i mørke og dårleg sikt, sjølv med brukelege instrument. Karane i Djupedal hadde eit spesialoppdrag. Dei hadde ein såkalla Eureka. "Eg har det" på gresk ! Den måtte dei ta opp på høgste fjellet Vindolen saman med tunge batteri til drifta. "Eureka" sende stråler mot England som flya kunne fylgje fram til målet. På høgaste Vindolen låg karar oppe i kulda og ordna med desse viktige signala. Nede på den opne myra vart det sett upp lys, boksar på rekke og forma som ein L, fylt med brennbar veske og sagflis, som påtende var godt synlege for dei tungt lasta flya som kom innover ved Bodik.

Men, det var ikkje berre dei nettar det var sendingar til COW at folk måtte ligga på høgsta Vindolen og senda signal. For denne Eureka var også fyrtårn for mange andre engelske og amerikanske fly som kom inn over sud-Noreg denne vinteren, og trong Vindolen som navigasjonspunkt for vidare mål. Det vart mange kalde nettar for operatørane, for det meste brørne Per og Kjell Gundersen og Ingar Halvorsen frå Notodden.

Runde, smale tønner kom ned, kalla containers, hangande i fallskjermar, minst 12 i alt frå eitt fly. Og i tillegg vart det kasta ut blaute pakker utan fallskjerm med uniformer og slike varer som tolte ein støyt. Deretter byrja det verkelege slitet. Nokre fallskjermar hadde hekta seg opp i trea og måtte takast ned. Våpen og utstyr måtte fordelast på pulkar og ryggsekkar. Fleire turar for å få alt unna. Tome containerar og fallskjermar måtte gøymast vekk. Dette måtte skje i den same natt, om dagen kunne tyske overvakingsfly finna ut kva som var på gang. . Sistemann på heimturen måtte ofte vispa hovedlåma med ein grankvist, for at den ikkje skulle vera så markert synleg frå lufta. Vel heime att kunne ikkje sanninga seiast om kva dei hadde vore med på. Det vart servera mange kvite lygner morgonen etter, det var ikkje alltid så greitt å skulda på nattefriing heller.

Seinare vart det meste av utstyret køyrd ned til storvegen og der henta med bil til dei såkalla "celler" av motstandsfolk rundt i distriktet. Dei innvigde i bygda levde med otte i dagane som fylgde, i fall tyskarane hadde fengje snusen i noko. Det kom da også eit lag av tyske soldatar oppover, men dei snudde i Sud - Brekke. For ei gløgg tenestejente sa at det var ikkje bufaste folk lenger oppover. Det var ikkje breie vegar den gong, slik som no. Dessutan må vi tru at tyskarane skjøna kor det heile bar, og ville ikkje setja liv og helse på spel i fånytta, om ikkje sjefen var heilt fanatikar. Og den tyske kommandanten på Notodden, Hauptmann Lierheimer, han hadde ikkje ord for å vera den mest aggressive av fiendane. Men denne dagen, i mars 1945, der oppe i høgdene mot Sætre låg Gransheringar og Notodden-ungdom med fingrane på avtrekkjaren. Hadde det skjedd noko, ville truleg heile grenda blitt brent, og kva som da hadde hendt med folket, ja det ikkje godt å seia sjølv om det var stutt tid att til kapitulasjonen som kom den 8. mai.

Dei tyske styrkane i Noreg kapitulerte også. Etter ei stutt tid som vakthald ved kraftstasjonar vart oppgaven til Milorg å ta seg av den fienden som til all lukke hadde gjeve opp utan motstand.

Det var minst eit par hundre slepplassar i Noreg i åra 1944 - 1945. Myra ved stadnamnet Kaptein oppe på Brekkeheia, kodenamn COW var den tredje største i landet, rekna etter antal containerar som kom ned - heile 125. I tillegg kom det 23 "blaute" pakker. Dette frå 9 fly som gjennom den aktuelle perioden hadde staden som mål. I ettertid må ein tenkja, det var eit under at det gjekk bra ! Herluf Nygård skriv på side 152 i boka si: "Av sikkerhetstiltakene var mange og at telemarkingene kan holde munn, viser også det faktum at selv med 30 - 40 mann tilstede hver gang det var slipp så ble slippvirksomheten aldri oppdaget eller kjent av andre.

Monrad Almaas, stabssjef i Lamplight i intervju med SveinVetle Trae :

"Det var prima karer, disse gransheringene. Hans Tjønnås var gruppesjef, og det var ikke den ting han ikke fikk karene sine til å gjøre …….

Dei aller fleste av folka som var med er borte nå, det er over 70 år sidan denne dramatiske tid i bygdas historie.

 

  • Ei av sleppstadene

  • Djupedalshytta

  • Kaptein