Polakkleiren ved Tinnoset
Polakkleiren ved Tinnoset
Nær ein myrkant ovanfor Vøkånuten på Tinnoset sto det ein rotfast påle, ei malma furu, kappa i brysthøgde, og telgd til i kvadratisk form, toppen avslutta med ein spiss firkant. Små bergknausar rundt om. På bileta, tatt i 2014, kan ein ennå ana formen. Nå er pålen truleg borte, det var så vidt den sto den gong. Når eg frå tid til annan gjekk forbi staden, lura eg alltid på kva dette var. For skogsfolk hadde sjeldan tid eller overskot til unyttig arbeid under dagens slit.
Ved Tinnoset låg det i åra 1944 og 1945 ein polsk krigsfangeleir. I Kjørkjeskogen, like nord for nåverande Tinnoset Sag. Polakkane dreiv med vedhogst rundt omkring i bygda, det er å tru at skogeigarane blei pålagde å stilla eigna bestand til rådvelde for okkupasjonsmakta. Brakkene som fangane budde i var av type "Nissen-hytter", slike som hadde runde, bogeforma tak av blek. Men om dei var vanlege krigsfangar er eg høgst usikker på, for dei hadde det temmeleg fritt. "Dem gjekk som dem ville " , hugsar Kåre Folserås. Vaktene var få, og det var eldre veteranar, og området var ikkje inngjerda og stengt.
Som gutunge kan eg hugsa at nokre kom på heim om kveldane, og var glade for ein matbit, søteple, eller litt karva heimavla blad, det vil si tobakk. Hølje Bergen var hjå oss denne vinteren, han var på rømmen frå arbeidsteneste. Og han kunne prate litt med dei, for han hadde gymnasiet frå Gjøvik og kunne litt tysk, noko som eit par av polakkane også forstod.
Apropos tobakk, Thorleif Skarseth og Torkjell Grindalen bytte til seg ei øks mot nokre tobakksblad. Ei øks der skaftet var knekt, truleg ved eit "uhell". Slik at det ikkje skulle bli noko bråk. Så det var meir spørsmål etter tobakk enn mat.
Olav Mjellekås fortel at det på nyårskvelden 1944 var fest i polakkleiren. Det gjekk på vin, spandera av vaktene. Olav og ein kamerat var nyfikne ungdomar den gong, og drog oppover. Men utpå kvelden blei det noko uvenskap, og dei norske gutane fann det tryggast å trekkje seg attende.
Den same natta, natt til 1.1.1945, månelys og kald, kom eit av dei største sleppa av våpen og anna materiell til heimefronten oppe ved myrene nord for Bodik. Svært mange allierte fly kom inn over området, fordi Eureka-stasjonen på høgste Vindolen også var transitt- eller navigasjonspunkt for andre destinasjonar i sud- Noreg. Fullmåne og klar himmel måtte nyttast, det var elles langt mellom dei rette nettene. Mange nye gransheringar vart knytt til milorg-teneste dagen etter, folk som ikkje tidlegare var med, men som kunne ha sett og høyrt noko i natta. Og som måtte vita alvoret før dei i tankeløyse prata om uvanlege ting dei hadde erfare. Og til all lykke, i polakkleiren var det fest og bråk, dei tyske vaktene var truleg godt påseila, dei og.
Tilhøva i leiren ved Tinnoset var, som me skjønar, langt frå dei tilstandar me vanlegvis forbind med tyske leirar frå denne tida. Eg minnest det vart sagt at ein kar hadde sett berkjespaden i vrista for å sleppe unna og kome heim, men blei tatt for sabotasje. Elles ikkje noko om overgrep, alvorlege ulukker eller død. Sjøve arbeidet veit eg lite om. Men lenge etter krigen prata vi om "polakk-stuvar", stubbane sto helst godt over den til ei kvar tid gjeldande snøhøgde. Og berkjespaden som er nemnd, den blei bruka til å slinde vedråtene med, var meir effektiv enn øksa til dette formål.
Så til pålen på Vøkånuten. Eg veit polakkane arbeidde der oppe. I ei bok om Polen har eg sett bilete av lokale kyrkjer, gjerne med kvadratiske tårn og spissa tak. Og fleire av oss har sett Mariakyrkja i Krakow. Dei fleste polakkar er katolikkar, og mange har eit nært og personleg tilknytning til si tru. Eg tenkjer at dei kanskje har laga seg ei symbolsk kyrkje til bøn. Mellom nokre bergknausar ein stad oppe i norsk villmark.
Nyeste kommentarer