Tjonebakken

 

 Tjonebakken

Tjonebakken ble rydda av Hølje Høljeson som flytta dit med familieen sin i 1906
fra Sandbakken lå rett over gata for handelslaget der Hølje drev butikk.
Hølje var gift med Bergit. de hadde barna Olav, Hølje og  Torbjørg.
Tjonebakker var en plass med festekontrakt under prestegården  Festekontrakten ble opprettet i Familien som flyttet hit fikk ny start. Livet på Sandbakken var preget av mye alkohol.
På Tjonebakken dyrket de jorda og hadde noen få husdyr blant annet geiter alt til eget forbruk.

Torbjørg Bakken var den siste av 3 søsken som budde på Tjonebakken.
Hennes to brødre het Olav og Hølje. Ingen av dem var gift eller hadde direkte etterkommere. Søskena hadde Kunstneriske evner. Olav var en svært god tegner drev med portrettfotografering og laget en mengde flotte trefigurer. Hølje drev også med figurskjæring men var først og fremst en dyktig rosemaler.
Torbjørg drev med strikking for salg og sydde og monterte bunader for folk i bygda.
På Tjonebakken fins det mange gjenstander, malerier, tegninger, fotografier og skrifter etter familien Bakken.

Avholdslaget
Etter at familien flyttet til Tjonebakken blei avholdsbevegelsen svært viktig for dem. de var med å stifte Gransherad avholdslag, og de driftet laget i mange år. Avholdshuset ble et samlingsted for ungdomen i bygda. Her var det mye teatervirksomhet og andre kulturaktiviteter.
Det fins en del skrifter bilder etter denne bevegelsen.

I 1977 ble plassen Tjonebakken med alt innbo testamentert til Gransherad museumslag som fikk i oppdrag å lage et museum for å ta vare på Tjonebakken og gjenstandene i huset.
Den gangen var det Kjetil Hesledalen  som ledet Museumslaget.
Det meste blei registert katalogistert, men huset forfalt. Etter hvert var huset blitt i så dårlig forfatning at gjenstandene måtte flyttes ut og lagres andre steder i bygda for ikke å bli ødlagt.

I 2001 ble Gransherad museumslag endret til Gransherad historielag.
Da var huset på Tjonebakken i utgangspunktet helt falleferdig og burde rives ifølge erfarne snekkere.
Styre av Gransherad historielag ville gjerne redde huset og føre gjenstandene til bake til huset.
Det  blei satt i gang en storoffensiv for å redde huset.
Midler blei søkt fra stat, kommune og bank. Folk i bygda brettet opp ermene og var med på dugna. Huset blei fullstendig renovert men samtidig var målet å få noen rom i huset tilbake til sitt opprinnelige utseende.
Gransherad historielag har brukt 16 år på å resturere huset på Tjonebakken. Alt arbeide har væet basert på frivillighet og dugnad. I dag er huset i god stand, gjenstandene er ført tibake og utstilt. 

 Syskenflokken på Bakken i Gransherad
ein kunstnar - trio

 

Ein artikkel skreve av Aaste Nisi for "Telen" i 1964 etter vitjing hjå Torbjørg, den da attlevande systera i Tjonebakken

  

Gjennom tidene har det kring i bygdene vakse upp og levt einskilde menneske som har merkt seg ut ved sine rike givnader og sitt gode handelag. Den ramma som eit bygdemiljø har spent um bygdekulturen har nok vore meir eller mindre trong slik tilværet var for gåverik ungdom i tidlegare tider. Men likevel - når kunstnarevna og særdrag i sinnet sprengde på så hende det sumtid at denne ramma brast, og i ymse slike glimt så sprudla det fram perler av folkekunst. Fargar og former har sikkert leika i hugen hjå så mange - og til sine tider så var det flinke og laglege hender som forma eit kunstverk.

 Denne gongen tenkjer eg fyrst og fremst på Olav Bakken i Gransherad. Han var fødd i 1886 og foreldra var Bergit og Hølje Bakken. Dei var, båe to, flinke og handige folk.

 Olav hadde evner og handelag langt ut over det vanlege. Han var lynsnar i uppfatningen av dei ymse ting, dugleik og formsans låg liksom ferdig i hendene hans. Han var eit geni.

 Millom anna, han var så flink til å teikna. Han kunne sitja med papir og blyant og teikna i veg i full fart, ark etter ark. Og det forma seg under hendene hans, det eine biletet etter det andre. Det var tussar og troll, - prinsar og prinsesser - menneske, dyr og blomar. Og portrett. Og alt saman, det var så levande.

 Men aller mest fekk han utløyse for si skaparevne og sin vidtfløymande fantasi når han fekk eit trestykke mellom hendene. Det var som om kniven leika seg i fingrane hans, og det forma seg ut levande og velgjorde figurar. Det var eventyr, forma i tre, - kongen - prinsessa - og Askeladden. Det var risar og troll. Motiv frå folkelivet, spelemannen som strauk på fela og kåte dansarar som svinga seg. Slike figurar gjorde han mange av, selde ein deil mellom anna til Amerika.

 Han laga og ein miniatyr av Gransherad gamle kyrkje slik dei meiner ho var. Denne modellen gav han til daverande lensmann Quamme, som seinare forærde den til kyrkja ved 100 - års jubileet. Og den stend nå i kyrkja vår.

 Utdaning i faget vart det lite av, han hadde berre eit einaste lite kurs i tusj- og penneteikning ved ein svensk korrespondanseskule. Som eksamensuppgåve teikna han far sin som sat ved omnen og las avisa. Biletet vart slåande likt og godt utført. Han fekk da også S i hovudkarakter.

 Evner hadde han da også i andre leider. Han prøva seg med landskapsmåling og han dreiv med fotografering. Han samla også mykje av gamle soger frå bygda som han skreiv ned - og dette verdfulle arbeidet gav han burt til dei som stelte med bygdesoga.

 Men han fekk så alt for lita tid til å drive med sine interesser. Levebrødet måtte gå føre - handarbeid og kunst var alt for lite betalt og påakta. Så slo han inn på skreddaryrket, og var dessutan postberar til Folsland og Vik i mange år.

 Heile si tid var han medlem av Gransherad Avhaldslag, og ein av dei berande krefter der. Når det trongs ymse slag av kulissar og sceneutstyr så var det alltid Olav som måtte til, - og dette arbeidet var berre barneleik for han. Etter han var død vart minnet hans heidra i laget, og eit bilete av han er upphengd i salen.

 Olav Bakken fekk ikkje noko lang levetid. Han vart offer for den snikande tuberkulosen som den gong herja i bygdene. I 1929 døydde han, berre nokre månader over 43 år gamal.

 Heimbygda miste ein stor son. Um han hadde fenge livs lengde, og dertil kome ut og fengje eit vidare vengjefang for sine evner, så er det heilt sikkert at han kunne nådd svært langt. I dag er det av stor verdi å eiga ein trefigur av Olav Bakken.

 Av natur var han klok og snild og venesæl, godt lika av alle. Heile bygda var med i sorg over den alt for tidlege burtgangen han fekk.

 Broren, Hølje Bakken hadde og fenge sine rike gåver i kunstnarvegen. Han var, liksom broren Olav, også flink til å skjera trefigurar. Og så dreiv han mykje med rosemåling i fristundene. Dertil var han musikalsk, flink til å spela hardingfele. Han hadde og ei god songrøyst og mykje interessert i gamle folketonar. Han overtok postberinga etter broren og dreiv elles som målar. Ei tid også som skomaker. Heile sitt liv ofra han seg for avhaldssaka, og vart mot slutten av livet heidra med Klostermedalja og diplom. Hølje Bakken døydde i 1963 i sitt syttiande år. Han var soleis heller ingen gamal mann.

 No er det berre Torbjørg Bakken som lever att av denne gåverike syskenflokken. Attåt det å vera husmor, så dreiv ho mykje med strikking i mange år. Og alt ho gjer er ekstra solid og vel utførd. Slikt som slurv i arbeide, det er noko Torbjørg aldri har kjent til. Ho har også drive mykje med samansying av bunader og har ord for å ha eit fint snitt på kleda. Ei tid dreiv ho med å sy bunadskledde dokker. Dei er svært forseggjorde og nette til det minste sting. Dette var da også varer som gjekk lett undan, særleg til turistane. Men fortenesta var ikkje stor.

 I gjennom åra har Torbjørg vorte dynga ned med arbeid. Og ho har ofte måtta teke mang ein nattetime til hjelp når folk masa og skulle ha tinga ferdige. Særleg føre jul og 17. mai. Det var ofte eit slitsamt tilvære. Og så var det så mykje folk innom til alle tider, slike som hadde ærend til henne eller brørne. Og Torbjørg var aldri sein med kaffekjelen. Alle på Bakken har alltid vore så snille og gjestfrie, glade i folk.

 Som brørne sine, har Torbjørg også hatt stor interesse i avhaldslaget - det er som ho sjølv sa : " Det har nå alltid vore hjartesaka vår, det !". Og ho har også lagt ned mykje arbeid der. Særleg har ho vore med i mange skodespel. Dette har ho både hatt evne og lyst til, og ho har ord på seg for å vera svært flink på scena.

 Eg sit ein dag i den koselege stoga på Bakken, saman med Torbjørg. Her er fullt av minne etter dei som for. Innreidningen er fin gamal husbunad, mykje er gilde arvestykke. Sumt er oppussa med varleg hand av målaren Hølje. Og her er minne ettter Olav, - utskorne ting i tre, og teikningar.

 Torbjørg tek fram ein bitte liten trehest, måla svart. "Dette er Vesle-Svarten" seier ho. - " den spikka Olav då han var 14 år gamal !" Kunstnaren fornektar seg ikkje, det er så likt ein hest som det kan bli. Så kjem Torbjørg fram med eit lite gravert sølvstaup. "Det er eg som har arva staupet som tussen sette att i Lønvik", seier ho. "Ja, korleis var nå det?", spør eg, eg har nemleg høyrt gjete segna om at det er huldresølv i ætta.

 Ei segn frå Gransherad, Torbjørg Bakken (Tjonebakken fortel)

 Det var seint ein juleftan for fleire generasjonar sidan at det kom eit brurefylgje sunnantil vegen og inn på Lønviktunet, med ringlande bjøllety og stor stas. Mannen på garden, Jon Lønvik var vaken, men kona hans låg og sov. Brurefylgjet kom inn i stova og ba husbonden om å få kvila ei beite på vegen. Dei hadde reist langt, vore heilt til Jonsknuten og vigd. Brura var frå Lauvås og brudgommen frå Flisås oppe i Lønvik-marken . Jon Lønvik gav dei lov til å kvila, han prøvde og på å vekkja kona si, men henne var det ikkje råd å få vekt. Huldrefolket dekte upp på bordet med gild julekost, og då dei hadde ete og kvild seg tok ein spelemann opp fela si, og det vart spel og dans utover natta. På morgonsida då dei skulle reisa, tok brudgommen fram denne sølvbollen og gav til Jon. Den skulle han ha til takk fordi han var så så gjestfri mot dei. Ja, så seier segna. Og vidare vart det fortalt at Jon vart litt rar av seg etter denne hendinga, millom anna sagdest det at han grov ned pengane sine. Dette er sant, - for lenge etter vart det funne sølvdalerar i jorda på Lønvik, dei var inntulla i never.

 ette pengefunnet kan ein også lesa om i bygdeboka under Lynnevik øvre, s. 310.

 Torbjørg Bakken fortalde at det var ho som nå eigde dette tusse-sølvstaupet frå Lynnevik. Og les ein i bygdeboka ser ein at det er mykje slekt og samliv med Lynnevik og Nisi Nedre, der Bakken-folka har sine røter. Denne husstaden på Nisi, der mellom anna Tingstugo stod, den er nå borte, det same er mestedelen av slekta her i bygda. Folk som er interessera i ski-historie, dei vil kanskje kjenna til ein Kongsberg-hoppar som heitte Hans Beck. Mor hans var frå Gransherad og av denne slekta. Ellers fortalte mi mor at det gjekk gjetord om jentene der nede som om sundagar så ofte sat nede på berga nord for tjønna og song. Det var det same kunstnarblodet om rann i folket.

 Og slik avslutta Aaste intervjuet med Torbjørg

 Så mange dagar er farne sidan dette hende. Tidene og vilkåra for eit menneskeliv har endra seg etter kvart, men eit menneske i seg sjølv er ikkje så mykje annleis. Og det er alltid med ei viss vemodig kjensle at ein sit millom gamle ting og arvegods og tenkjer på alt dei har sett av liv og lagnad i ættene. Eg kunne tenkt meg eit bilete av Torbjørg og brørne i bladet. Men nei, det har Torbjørg liten hug til. Enno er minnet om dei som er farne, så sårt. Så får eg respektera det. Nå er Torbjørg einsam på Bakken. Men ho har så mange gilde minne kring seg, um alt som var. Samhaldet i heimen var så godt, det er berre gode minne å leva på såleis. Og ho kan ikkje få fullkyte venene og grannane sine i den siste tida. Dei kjem henne alltid i hug, og ho er så uendeleg takksam for det.

 Og om Torbjørg er det berre ein ting å segja, at ho er av dei fåe menneske som eig berre vener.

 Torbjørg f. 1896, d xxxx

 

 

 

 

 

 

 

Torbjørg Tjonebakken

 

Vinter bilde av Tjonebakken tatt år 2000