Gransherad torvstrøfabrik

 Var det ikkje for Olav Mjellekås, den gamle heidersmann som no er på Bygdeheimen, så hadde denne historia vorte gløymd.  Han minna meg på at det ein gong var eit lite industrieventyr i Gransherad.  Torvstrøy var ein gong eit svært ettertrakta produkt både her heime og til  verdsmaknaden.  I belet mellom den tid da all menneskeleg avføring gjekk rett til havs eller ut  elvane  - og eit vaknande  miljøengasjement. Torvstrøy hadde den eigenskap at det fjerna det meste av ulileg lukt når den saman med kalk vart blanda med bæsjen, og attpå til gjode dette om til høgst brukbar gjødsel.  Internasjonalt :  - " Poudrette"  - på fransk  - pudder !  --  Dei store byane som etterkvart nærast drukna i eigen skit var kundar - verda kunne ikkje få nok av torvstrøy.   Her i bygda fannst det både store myrar og folk med auge for business.  I Mjellandseiga, i dalen bakom Høgebrekkåsen ovanfor Mjellekås ligg det ei stor myr, ho strekkjer seg nesten over til Øygarden.  Eit aksjeselskap vart stifta, med nødvendig kapital til å kjøpa inn skjener og vaggar. Og  motor til "treskinga".  Arbeidsfolk vart tilsette,  jernbane og sviller måtte leggast innover myrane,  hjellar måtte settast opp til turking av torva.  Lager og kvilebrakke vart bygd i eitt.

 Dette var i dei  aller fyrste  1920 - åra.  I dag kan ein ikkje sjå noko fysisk  minne etter denne verksemda. Naturen har teke attende det meste.  Men ikkje det Olav Mjellekås,  f.1919, gjev oss av minne.   Maskinisten på  Ammonia og Storegut var alt den gongen svært interessert i alt som sveiv av seg sjøl.  Han hugsa spesielt  motoren, ein stor stasjonær bensinmotor - eller  var det sokalla solarolje den gjekk på. Han hugsa kranselaget for lageret og kvilebua, med meisteren Svein Løndal som spelemann.   Truleg eit lag med  stort  "trøkk" !

 I  Osehågån og på Nattejuv finnst det også torvstrøymyrar, som høyrde til Østre og  til Vestigard Nisi.   Ja, eg hugsar godt dei halvt nedrotne hjellane der torva vart turka.  Men dette var lite omtala. Eg trudde det var til eiga bruk, i fjøs og stall.  Men i ettertid har eg kome til at produkta  helst vart  selde  som underleveranse til hovedfabrikken ovanfor Mjellekås.

 Men tidene endrar seg.  Og gode forretningar med den.  Ute i verden tok WC'en meir og meir over, med kloakkleidningar og rensekummar, renseanlegg.  Dobyttene  i bakgardane gjekk etterkvart ut på dato, sjøl om dei nok heldt skansen til langt opp i femtiåra i byanes fattigkvarter.  "Pudderet" vart mindre etterspurd, og i 1925 gjekk Gransherad Torvstrøfabrik konkurs. Det er sagt at aksjonærane åt godt av boet  på førehand. Så mykje var det vel heller ikkje å hente for mogelege kreditorar - sidan stoda var lik landet over.  Og få investera i utstyr for slik produksjon. 

 Eit døme på kor fort noko kan bli borte i gløymsla.  Dette  var nære på.