Bygdeborg i Gransherad ?

 Ikkje så langt ovanfor skyttarbanen i Gransherad  ligg  den  nedgrodde plassen Borgelid.  Den er nemnd i bygdeboka vår, det stend at plassen etter segna  skal vera rudd av ein som heitte Borgar.  Ein les  også at  Borgelid var ein av dei tre stadene  i bygda der det rauk av pipa etter svartedauden. Pesten kom til Bergen i 1349, og  ein må rekna med at det gjekk minst året før den nådde hit.  Poenget er at plassen er  rudd før den tid.

Men fornamn  er  nokså sjeldan knytt til geografien på våre kantar.

Folkevandringstida,  som  var rundt  år 400 – 600  e. K var ei uroleg tid. Dei bufaste var truga av reisande folk på jakt etter nytt land og andre sitt gods. Det var ei lovlaus tid, den sterkaste  rådde grunnen. For dei einskilde gardar og små busetnader var det sjølvsagt uråd å verja seg mot ubedne inntrengjarar. Ein måtte stå saman mot fienden,  dette er kanskje den fyrste grunnen til at eit meir organisert samfunn grodde fram. Å verja seg mot nærast profesjonelle  krigarar og røvarar var  likevel ikkje greitt.  Ikkje i opent lende. 

Her i landet så finn ein restane etter rundt 600 bygdeborger frå den tid.  Dei fleste ligg i det ein kan kalla rikare område med omsyn til jord- og husdyrbruk, men dei er og å  finna oppover dalane  i innlandet.  Bygdeborgene ligg alltid oppe  på ein brattlendt ås eller høgdedrag,  vanlegvis med oppmura steingardar  rundt som skjold og skanse. Dit  drog folket med  det dei hadde av  dyr, mat og  lettare gods når  bodskapen kom om at fienden truga.

Like  søraust for Borgelid  ligg det ein nut med  bratte sider på alle kantar. Mot vest  fell nuten av med eit uframkomeleg  stup, mot nord og aust bratte fjellsider.  I det djupe dalsøkket på sørsida renn det ein bekk.  På toppen er det ei flate, den kan vel vera  eit par mål.  Ein meir eigna plass for vern og forsvar når ufred truga er det neppe råd å finna i bygda vår. Nuten ligg nært og  sentralt til.   Lett å forsvara med  enkle midlar. Det er godt utsyn i alle retningar, like aust til Bolkesjø.  Ved invasjon frå aust så var elva, om ikkje eit hinder, så ville den gjeva folket noko tid til å førebu seg før ein invasjon av fiendar kom seg over. Også utsyn til dei nære områda, den tid så  var det nok heller lite granskog i bygda som hindra utsikten.  Inga kjelde på toppen av festningen, men frå bekken som renn ikkje så langt nede i gjelet  var det mogeleg å hente vatn når ein hadde god ryggdekning. Fiendane var neppe så  mange at dei kunne omringa nuten og passa på over alt.  Dessutan må ein hugsa at det var tilnærma  ”den brende jords taktikk” som vart nytta.  Dei brende nok ikkje  husværet sitt, men sørgde for at  alt av mat og  anna som fienden kunne nytte, vart gøymd eller teke med. Så plyndring og mogeleg beleiring  kunne  ikkje vara svært lenge. At dei framande brende og øydela det dei ikkje kunne nytta, det var nok truleg, men hovudsaka for dei bufaste var å redde livet.  Ein kan tenkja seg ein  snørik og uframkomeleg  vinter som ei tryggare tid, om enn kulda var hard og mattilgangen knapp !

Har namnet Borgelid har si rot i at nuten like ved ein gong  var bygda si festning ?

Og er det råd å finna noko der oppe  som  kan gjere denne tanken til meir enn fri fantasi ? Det har gått omlag 1500 år. Underteikna har vore der oppe fleire gonger, men har ikkje funne noko handfast bevis for det. Stein finns det, og med litt godvilje så kan me  kanskje ane restar etter ein indre borggard der kvinner og born kunne få vern mot piler og andre flygande objekt.  Elles sto nok ”kvinner opp å strede” den gongen også,  når det kneip. Dei fleste av dei kjende bygdeborgene hadde heller ikkje oppbygde murar rundt heile høgda. . Berre der det var  nødvendig.  Alt organisert og planlagt etter dei naturlege tilhøve og materialer, palisadar av tre var vanleg på stader der  fienden lettast kunne slå til.  Folketal, leiarskap og det som  kunne avsjåast  av tid omfram det å livberga seg  i det daglege, det sette sjølvsagt klare grenser for kor mykje  menneska i ei lita bygd  kunne leggja  ned i forsvarsverk.  Om  det eingong har vore palisadar eller brystvern av tre der oppe, så er  slikt sjølvsagt ikkje å finna spor av.  Og nuten er  frå naturen si side  så lett å  forsvara at  det ville kosta heller dyrt for ein inntrengjar å prøva seg, sjølv med ein langt større styrke enn dei der oppe som sto klare til å forsvara seg og sine.

Om det så var berre ein einaste gong i tida at  folk samla seg der oppe når uvelkomne framandfolk  kom til bygda, så ville dette sett seg godt fast i minnet og  ført vidare som ei storhending  til generasjonane som fylgde.   Og for dei som budde på plassen Borgelid, eller kanskje noko  seinare rudde seg ein heim bakom åsen, for dei ville namnet på staden vera  så å si vera sjølgjeve.

Det er rett  å ta med, at grunneigaren i dag, Klas Singusdal, fortel at nuten i dag vert kalla Trulsås.   Men dette namnet kan godt vera av nyare dato.

Eit sikkert  svar på om namnet Borgelid skriv seg frå folkevandringstida og dei tilhøve som da rådde i landet, det vil me nok aldri få.  Men det må vera lov å leike med tankane. Og det er svært  sannsynleg .

 Olav Nisi