Kunden alltid i fokus
Mange av oss hugsar med glede den før
nemnde Olav Wårstulen. Ein slagferdig og triveleg kar, han og butikken på Haugen var så og si ein institusjon i Tinnos-samfunnet, ja langt vidare med. Han byrja som diskenspringar hjå morbror sin, Hølje O. Wårstulen. (
Ikkje å forveksla med Høje T. og butikken på Sandbakken i Gransherad ) Hølje O. var i fyrstninga lite fornøgd med måten nevøen møtte kundane.
Og
sa: "Om me ikkje har de dem spør etter, så ska du ikkje søå tvert nei, - det har me ikkje i dag ! Om dem foreksempel spør etter brø, og me sku vørå i beit fe de, me har da flatbrø, havregryn, og mjøl,
om de stenn på fe ein dag eller to ! Og dettan ska du så klart by dem ! " Olav Wårstulen var den me kjende, og tok formaninga til etterretning. Og det kom ein kunde og forlanga toalettpapir. Forrådet av dette produktet var visstnok
heller tunt for tida. "Men me har både sandpapir og flugupapir", sa Olav.
Nordens siste rallare
Ferske egg frå eigne høner var gjevt den gong som no. Det var ikkje berre å bestille kyllingar. Men hadde du ein god nabo som hadde tupper og hånå, var ein langt berga. Det hadde dei i Lien, ikkje så langt frå Berglia. Og Margit, sambuaren til Viktor sende mannen ned til Lien for å kjøpa nokre egg og låne ei liggartuppe til å klekke kyllingane fram. Vel framme bar Viktor fram ærendet sitt, og han vart vel motteken. Beden inn på kaffe og høgst truleg ein liten dram eller to. Når han så i god form tenkte seg på heimveg hadde Lien-karane gjort klar sekken med tuppa og egga. Kva Margit sa då han pakka upp heime, det visste ikkje Søren Sisjord heller, det var han eg fekk denne strofa ifrå. For det som openberra seg, det var hånån i Lien.
Travle tider
Hans Hagen er ennå hugsa av mange i bygda. Han budde på Tinnoset og levde som ungkar i huset sitt på sudsida av Vigilen.
Dei fyrste arbeidsåra var på saga til Birkeland, sidan var han meire i skogen og tok anna forefallande arbeid. Vekas høgdepunkt var nok laurdagen når tipperesultata kom. Han var alltid påpasseleg med å levera inn
rekkjene sine hjå kommisjonæren, Wårstulbutikken. " Hå vi du jørå om du vint femtitusen ?", blei han spurt. "Meir tips", sa Hans. Femtitusen var draumen og den den store toppgevinsten den tid. ___________
Eit år var mykje hjå oss på Østre Nisi. Han førde opp sine timar i ei bok. Ein gong han kom for å få oppgjer, opdaga far at han på ein og samme dag hadde ført opp 8 timar i skogen og 8 timar i potetonna. Far gjorde merksam på dette, og sa, - " du konne væl ikkje rokkje dettan, Hans ? " Hans blei litt snurt og sa - " det va travle tider den gongen Olav ! " Sjølvsagt var dette ei glamsing, og slett inga tilsikta notering. For Hans Hagen var ikkje den mann som hadde tankar om å berika seg på uærleg måte.
Aldri på ein sundag
Når vi fyrst er i Vigil- og Væringområdet må eg innom denne: Historia kan vel vera fra året 1915 eller deromkring. Hans Haugen var ein ivrig fiskar, både til moro og som attåtnæring i ei tid da sjølvberging var meir enn eit ord. En onkel av underteikna. Johannes Nisi, f. 1903 var ein sundags ettermiddag borte i Væringen med fiskestonga. Det var også Hans Haugen. Johans fekk fisk han, drog upp den eine tryta etter den andre. Men det beit ikkje for Hans, han sto i ikkje så langt unna med stonga. Han blei som rimeleg var, ikkje lite sur av å sjå på denne gutongen som håva inn, medan han så langt var vassfis. " Du må kje fiske på ein sonndag, det synd de ! " , ropa han bort. " Men du fiskar væl du au " , svara gutongen. " De e væl ikke synd når ein ikkje fær okko!",sa Hans.
Tømmerkastet
Det heiter seg at ein aldri må la den heile og fulle sanning øydeleggja ei god historie. Og ein kan trygt slå fast at det sjeldan blir trekt av noko frå den som gjev eit bidrag eller fleire til godt lag. Heller tvert om. Og det som er tvilsamt frå fyrste munn, er ofte reinspikka sanning hjå den som ber det vidare. Historia som kjem er ein bit makaber, men ikkje verre enn at vi toler det. Tømmerkastet ligg langt uppe i bratte fjellsida mellom Tinnoset og Busnes. Mannen i Tømmerkastet, Tov, miste kona si tidleg. Den gong var einaste råda å få kista med den avlidne til Tinnsjå, ut til strånda, og med båt vidare. Vinterstid, til råka, eller med hest etter isen nedover. Og nå, med gode grannar til hjelp vart kista fira ned etter ufsene frå plassen oppe i lia. Det var ikkje enkelt i dette lendet. Tov måtte sjølv gå fyri, vera kjentmann og bas. Ved eit kritisk punkt skreik han oppover: " No må de halle guta, elle så reise ho te helvete fe kann ! "
Til info for dei yngre generasjonar vil eg nytta høvet til minna om at ei kiste, eller bord til ei slik var ein naudsynt reserve å ha liggande i dei tider. Det var ikkje berre å kontakta eit gravferdsbyrå. Økonomi og geografi sette og sine grenser.
Skåråføre
Tarald Steinbakken, f 1858 - eller Tårål som det blei sagt her i bygda, han var av mi slekt. Han budde på plassen Steinbakken under Venås nordre. Ein omfram hendig kar, spesielt kubbestolane hans vitnar om stilsans og solid handverk. Men økonomien var vel heller skral, slik som for så mange i den tida. Ein dag på ettervinteren hadde Tårål eit ærende til Mjelland, han for beint over skogen, ned frå Venås-grenda. På Mjelland budde kjempekaren Torjus Mjelland, mor hans, Anne og enda ei Anne frå Jonrud ved Bolkesjø som var hushalderske hjå dei. Desse folka på Mjelland hadde alle ord på seg for å vera omframt snille med fatigfolk og andre som ikkje hadde det så bra. Dei hysa gjerne fantefylgje som rak etter vegane den tid. Stend det i bygdeboka.
Eg veit ikkje om det var tiggarferd Tårål var ute på, for det er sagt at han ikkje fekk ned maten i framant hus, enda så vel han trong til det. Men vel innbeden vart gjesten spurd : " Bar verkeleg skårån deg i dag da ? " " Å ja", svara Tårål, " du veit han e lett ein husmann om våren ! "
Køyta og kraft
Køyta heiter plassen ved Kyrkjetjønna
der campingplassen låg. Der budde Torbjørg Køyta, f. 1857 som Torbjørg Jonsdotter Dokka. Torbjørg var svært snill fortalde mor. Når ungane kom forbi og skulle til skulen på Klokkargarden
var dei ofte bedne innom stugo hennar, spesielt når det var kalt. Aaste og Nils frå Brekkegrenda hadde lang, ofte ubrøyta veg, og med ullsokkane fulle av sjo og isklumpar var det nok godt å få tine av seg litt. Eit
kakestykke kanskje også, enda råa var vel ikkje den beste i denne heimen.
Gransheringane fekk tidleg elektrisk straum. Ikkje lenge
etter at turbinane på Årlifoss byrja sviva, i 1915 kunne store deilar av bygdefolket tenne lyset berre ved å skruva på ein brytar. Tenk for ein revolusjon ! Men Torbjørg fekk eit problem, lyspærene i Køyta
rauk ofte. Fordi transformatoren, eller stomatolen som ho sa, den sto oppe på høgda ved skulen. Og lyspærene blei derfor utsett for stort trykk. Dei rann fulle. Det vart og sagt at ho forlanga høgspent anlegg, fordi
ho ville ikkje gå runt og vase i ledningane. Men denne siste strofa trur eg nok er lagt til av andre.
Ja, takk være framsynte styresmenn fekk vi gransheringar tidleg elektrisitet. Rødberg/Uvdal var i mange år vertskap for Europas største kraftanlegg. Men straum " til husbruk" fekk ikkje dei øvste bygdene i Numedal før i 1952.
Steelfinger
Tuddøl - fangst
Gamle Gunleik Sætre, f. 1848, sat nokre år aleine som eldre mann på garden etterat sonen Andres gjekk bort tidleg. Han måtte leige seg karhjelp, det var Lien -gutane, truleg Olav og Sveinung. Gunleik hadde ei felle borti skogen, ei såkalla gildre. Ei gildre, det er ei stor tung steinhelle oppstylta med pinnar på ein finurleg måte der åta er fest. Lien-karane, som me kjenner frå ei tidlegare strofe, dei slepte sjølsagt ikkje frå seg sjansen til noko spetakkel. Ei gamal bukse vart stappa med høy, påsett sko og lagt under fella som så vart vippa ned. Berre noko av beina og støvlane stakk fram. Og så gav dei seg med til skogs neste morgon da Gunleik drog av garde for å sjygne fella si. Gunleik vart sjølvsagt både redd og fortvila da han kom innpå og fekk sjå tragedien: " Men huttetu, hått e det som ha hent hær ? - De må vørå ein tuddøl ! Men hått ville' n nå onde der da ! " - Ja, eg minner om det som tidlegare er sagt, slike hermer blir ikkje nettopp forenkla og finpussa til bruk for underhaldning i godt lag.
Ein digresjon eller to - Lienkarane var grandonklar til vår tidlegare ordførar Bjarne Bakken, og Gunleik Sætre visste nok lite om at han umlag hundre år sinare ville bli oldefar til ei av landets mektigaste kvinner rekna etter statsminister Erna - ho heiter Kristin Skogen Lund.
Muggskremaren på Kopsland.
Olav Brennekåsa er ein kjent mann i Gransherad, etter mange års arbeid med tømmerbilen sin. Det vart eit sakn for mange da han slutta. Det er eit ordtak som seier - ein skal ikkje døma hunden etter håra. Han visar helst den uhøvla sida ut, Olav. Han har ein røff måte å vera på, men innanfor trøya bankar eit godt hjarte.. Eg hugsar ein gong eg hadde meldt inn 10 kubikk med finertømmer, det var minstekvantum å selja av dette heller kostbare råstoffet. Det vart vel 5 kubikk til slutt. For kort som sagtømmer - vrak, - ved, - til naud sulfat. " Du kan da sjønne eg må hente det for deg " , sa Olav. Slikt blir ikkje gløymt.
Det gjeng mange risper etter han. Ordrapp og skarp i tunge og tanke som han var - og er !
Knut Rostad på sud - Kopsland hadde kjøpt eit vrak av ein liten beltetraktor, einslags alpe-utgave til å sitja skrevs over i brattlende. Knut var, som me alle hugsar, eit teknisk unikum, og ikkje i beit med å setja i stand alt det skulle vera av maskinelle og tekniske innretningar. Men da Olav Brennekåsa svinga inn på Kopsland- tunet og fekk sjå denne vesle doningen, sa han : " Hått e dettan fe nokko da Knut ? E de te å jågå mugg me ? "
Tov
I eit liv som byrjar å bli relativt langt tenkjer ein ofte attende på gamle og gode minne. Det er kanskje det som heiter å gå i barndomen. På vegen er folk møtt som ein minnast med respekt. Tov Olesrud er ein av dei.
Tov, f. 1887, budde i Olesrud, han var tidlegare tilsett ved Hydro-anlegga på Tinnoset. På sine eldre dagar småbrukar, smed og pråmbyggar heime. Ein teknisk givnad, - han skar ein firesylindra bilmotor i to delar med baufil, støpte nye lager i babbit der det trongs. Til sveising fekk han litt hjelp av Dagfinn Christoffersen, for han hadde autogenvarme og slaglodd. Men ellers alt heimelaga i ei heller primitiv smie. Sjølvsagt også pråmen der motor, aksel og propell vart montert. " Du kan få den andre halvdeilen du, så kan du da jørå de mottor " sa Tov til meg, berre gutungen den gong. Han var fødd i Busnes, og braut på Tinn-dialekten. Eg hugsar han kom gåandes til far eit par gonger med beskjed : " No he lensa di rokje i Væringen, Olav ". Ein kar av mindre format ville vel helst ikkje brydd seg. . Eg skal koma attende til dette med lenser og tømmer i Væringen ved seinare høve.
Dyra hadde det godt i Olesrud. Store og små. Husdyr og ville. Når dei dreiv med slåtten, vart den siste vesle håtten midt på ekra spard til neste dag. Der ulike kryp hadde samla seg etter kvart som skarpe knivar kom nærare. "Det du gjer mot mine minste " , som det heiter i skrifta. Nei, eg trur ikkje Tov var det ein kallar religiøs. Han hadde i allefall eit særdeles assortert utval av kraftuttrykk når ting gjekk han i mot. Men som det gode mennesket han var, trur eg dette vart sett stort på då han i 1964 gjekk over i eit anna tilvære.
Prima kvalitet - sekunda ikkje !
Ein kar kom til Wårstulbutikken og bestilde måling. Ein landhandel må ha litt av kvart på lager, men å halda assortert utval av slik vare baud på problem - det var så mang slags kvalitet og så ymse slags farger folk trong. Vanleg den gong var heller å ha eit fat av koka linolje, og pakker med ulike fargestoff så folk sjølv kunne blanda si eiga måling. Sinkkvitt, koboltblått og kromgult har vi høyrt om. Men denne gong hadde Olav Wårstulen tinga ferdigvarer frå byen. Da kunden kom for å henta dei bestillte boksane, fekk han beskjed om at dette var varer av den aller ypperste kvalitet : " Nå bli veggen dine så fine å så glatte at om det kjem ei flugu og slær seg ne, da glepp ho takje, ja ho dett rett i golve å slær seg spent i hæl ! "
Ikkje alle er fotogene !
Under okkupasjonen, 1940 - 1945 vart folk pålagde å skaffa seg pass, eit såkalla grensebuarbevis dersom dei skulle ut av bygda. Gransheringar måtte også få seg ein slik identifikasjon om dei ville unngå bråk ved reiser til Notodden eller lenger. Med fotografi og stempel. For å visa fram om dei kom i tysk kontroll. Systrene Anne og Aslaug Moen på Tinnoset var ikkje noko unntak i så måte, pass måtte dei skaffa seg. Men dei var lite fornøgde med kvaliteten på fotografia. " De e så merkeleg ", sa Aslaug, " at dem som igronn ikkje ser ut, dem bli fine på bilde. Men dem som e så nokkolonde vælskapte, dem bli stygge. Sjå Hans å fin han blei, men eg å Anne, me blei så fæle at det ligna'kje ! " Hans Halvorsson var ektemannen til Aslaug.
Hæljønn og heimavla
Har du høyrd om skobesparerar ? Hæljønn og tåjønn ? Truleg ikkje, de av mine lesarar som er født etter 1950.
Namn på varer som ikkje er etterspurde lenger. Ikkje i vår overflods syndige tid av kjøp, bruk og kast, meir enn nok av alt og vel så det. Under okkupasjonen, det vi kallar krigsåra var det ikkje slik. Det vil si, pengar var ikke det største problemet, for det var stor aktivitet og tilgang på arbeid for dei fleste som hadde helse og arbeidshug. Men varer var det verre med. Bytehandel og svartebørs, - " har du det så har eg det " . Avisene var fulle av annonser, tilbod og ynskje.: "Hvit mansjettsjorte str. 39 ønskes byttet i tobakksblader." Brød var heller ikkje alltid reint brød. Innblanding av ertemjøl og andre ingrediensar var vanleg. Folkehumoren satt laust: Baker Hansen arrestert, han hadde blanda mjøl inn i brødet !" Minne som vi har ikkje vondt av å tenkja attende på i denne til tider alt for mette juletid.
Støvlar med stiv le-sole " lessko" var vanleg den gong. Mot slitasje var det i handelen små jarn-nuddar med tre eller fire bein og mothakar. Liknande tegnestiftar men grovare. Som ein slo tett i tett av under solen. Namnet var "skobesparerar ". Og gjerne med eit halvmåneforma tåjarn framme, og ditto hæljarn bak ! Da hadde du sko så lenge overleet heldt. Men litt kalde til å stå roleg i, for stål og jarn syg mykje varme.
Det kom ei kar inn til Olav Wårstulen, ein som kjende til "miljøet" og skulle setja Olav i beit:
"Ha du hæljønn te hestesko ? " - " Nei ", var svaret, " men eg har innleggssolar te dritstøvlar ! "
Ei jul i faren tid
Det som fylgjer er fortalt til Aaste Brekke (Nisi) og nedskrive ein gong på 1920-talet. Eg gjev det att ordrett. Overskrifta lyder: Gamle joleskikkar på Mjelland fyrr i tidi. Anne ( Jonrud ) Mjelland fortel:
Jolaftansdagen var middagen alltid tidlegare på dagen, ved 2-tida eller so. Til middag då altid griseside. - So var det beint åt lauget. - Øl og dram etterpå. So var det å setja upp spikkebandet. Når kyrne var mjølka - kaker og kaffi. Seinare på kvelden var det mat - koka fisk - braud - kake - kling - ei fullskuvande smørøskje på bordet - øl og dram til -. Etterpå maten song dei eit salmevers - og gjekk rundt og takka einannan for maten.
Um jolaftanskvelden laga gamle-Anne til ein graut, som kyrne skulde hava om juledagsmorgon. Det var malt som ho tok av eit trog når ho bryggja - dernedi hadde ho mjøl - øl og dram og så noko av vatnet som ho hadde koka fisken i. Kyrne var svært galne etter det.
Um joledagsmorgon kaffi og kakor og tertur. Middag når dei kom heim frå kyrkja. - Joledagskvelden var det helst grynegraut. - I joli skulde smør og brød stå på bordet støtt, heile tidi.
Nyårseftan og tolvtekveld var det likeeins som joleftan.
Jolebakkelsen var goro og fatigmann og vaflar og kjøpegottur.
Gamle-Anne heldt og Trettanhelgi.
Når budeia gav kyrne den grauten som gamle-Anne hadde lagatil um joleftanskvelden - skulle ho segja " Salt og malt - brennevin og øl - juledagsmorgon kyra mi ! " Dette måtte ho segja til kvar kyr - det var den gamle skikken frå Bolkesjø sa gamle - Anne. Alle desse skikkane vart bruka så lenge gamle - Anne, mor til Torjus levde.
Etterskrift, O.N. :
Gamle - Anne , d. 1904 var frå Bolkesjø, dotter til stortingsmannen Gunleik O. Bolkesjø
Anne Jonrud, også frå Bolkesjø var hushalderske på Mjelland, d. 1936
" Skam for den som tenkjer ille om dette "
Sitatet etter Tov i Tømmerkastet, eller Timmerkastet, det gjeng på busnesmål. I Busnes snakkar - eller etterkvart som tida gjeng, - snakka dei eit språk som ligg nær opp til tinn-dialekten og ikkje til den som brukast i Gransherad. "E, me, dikkan å kann ", hermde me ungane etter busnesfolket. "Eg, meg, dekkånn å kånn" sa me. Som om det skulle væra så mykje sværare. Grendene rundt har også sine eigne spesielle uttrykk eller munnhell i daglegtalen. Alt blir utvatna etterkvart. Synd.
og høyr nå berre: Prost Harbo Songedal var i Busnes og heldt ei messe på skulen der uppe. Etterpå var det triveleg samkome med servering. Romegraut sto på menyen, for det gjestfrie vertskapet stilde med det beste og den mest kortreiste mat som grenda kunne by på. Ei kjæring sto med grautfatet og nøydde prosten: " No må du verkele forsyne de, de styrkje skruvin tann ! ". Eit heilt vanleg uttrykk i Busnes, men kanskje til å misforstå for ein granshering og ikkje minst for ein sørlending som Songedal. Men det trur eg han tok svært lett på, den folkekjære prosten. Verre var det vel å kjøyve låtten både for han og andre omkring bordet. " Honi soit qui mal y pense " stend det på den engelske hosebandsorden. - " Skam for den som tenkjer ille om dette "
Haglskot
Kjetil Rue budde i Frendrud. Men uppvaksen på Rue i Venåsgrenda. For så vidt godt "situert", men som svogeren Hølje Nsi sa, - " han syns ikkje mon i andre pengar enn dem han tener på skinn ". Og Bergit, kjæringa var eit godt gifte, men ho fekk heller lite bruk for innhaldet i kista si, av dukar, klede og anna utstyr ho hadde vove og samla i ungdomstida. Bergit hadde givnad til å finna vatn, og var elles mykje av det ein kallar synsk i visse høve.
Skogen må stå for viltet, sa Kjetil, han var ikkje den som skamhogg tømmerliane ved Damstul. Ivirig jeger, eg hugsar han også som ein triveleg selskapskar i godt lag. Han for innom butikken ein gong, Vonheim - butikken, huset der Otto Pedersen bur i dag, og faren Eilert dreiv forretnng ei tid. Kjetil trong brød, men Eilert sa at dei var utselde for dette den dagen. " Å , få ei pakke haglskot da" , sa Kjetil Rue.
Alt i væla de har æ - believe me baby
Lensmenn i bygda var vanlegvis også representantar for forsikringsselskapet Norges Brannkasse. Klas Askilt, som var lensmann i Gransherad i mange år, han hadde og dette vervet. På folkemunne vart han til tider kalla Klas Avskilt, for det hende seg eit par gonger at han av embeds plikt såg seg nødt til å ta nummerplatene frå eit par livsfarlege bilvrak som gjekk etter vegen. Men Askildt var ein grei og omgjengeleg kar, godt lika av bygdefolket, - han hadde sjøl stor moro av historien som fylgjer :
Som forsikringsmann i tillegg til lensmannsjobben måtte han til tider undersøkja kvalitet og brannsikring på bygg som låg under selskapets ansvar. Så også pakkhuset til Olav Wårstulen. Der, oppe i øvste etasje var det små og større varer av høgst ulike slag, ting og utstyr som frå tid til annan var etterspurde. Utanom det me kallar reine dagelegvarer. På ein knagg hekk det fleire spiralar eller rullar med tunne, tvinna koparrøyr. På golvet under sto eit par fortena (fortinna) kanner med tut. Askildt laga seg liksom litt morsk og sa. " Håtte brukar du dettan te da Olav ? " - " Brukar ? " sa Olav, " det hender det gjeng nokko slikt, å folk kan da bruke de te håtte dem vi fe meg ! "
Senior & Simen i Støa
Det var den våren eg var så plaga av ein kvit hankatt. Ein på fire bein, til underretning for folk som har lett for å misforstå. Og døtre har eg ikkje hatt. Det eg veit. Så dette gjeld eit individ som dreiv mest med å plaga kjettene, remja om nettene og plyndra fuglereir. Heller enn å fanga mus og vera litt til nytte. Svært sky var han, uråd å koma nær innpå, men den hadde likevel slege seg til som ein slags overkatt i grenda. Ein halvmørk kveld på førsumaren, langt bort i mot midnattstid fekk eg sjå han dreiv på med eitt eller anna nord i jordet. Eg såg det lea seg litt. Som rimelig god skyttar om eg skal si det sjølv, og med godt kikkertsikte på mauseren såg eg råa til bli kvitt denne parasitten for alltid. Sneik meg opp på låvebrua med ein i hoprulla sovepose til anlegg. Det var ikkje råd å bomme på målet sjøl om haldet var drugt og lyset kleint. Etter smellen, rett bort for å hive kadaveret på røysa. Men på åstaden låg ein kvit plastpose som hadde hekta seg opp mellom nokre grastustar. Låg å blafra litt i vinddraga. Med hol, som etter størrelsen å døma, måtte vera frå ei kule, cal. .30 blyspiss, av merket Prvi Partizan. Dette er diverre reinspikka sanning, eg såg vel helst at det ikkje kom på bygda. Var det ikkje for reklamen.
Ei dynn og rett ut
Alt var så mykje enklare før i tida. i allefall for folk som budde i ei lita tømra stove på eitt plan. Og innanfor, ikkje meire enn eit einaste rom, nytta som daglegstove, soverom og kjøken. Med ovn, senger og skåp. Ikkje eingong eit skåp alltid. Ein plass i bygda var det eit aldri så lite party på gang. Med inntak av både fast og flytande føde, god og stigande stemning. I slike omstende må gjerne mykje av inntaket ut att etterkvart, det er ei kjent sak også i dag. Ein kar reiste seg brått frå bordet, opna døra og drog fram krana si. - - " Nei hu, du må da ikkje pisse i skåpet mitt ! " skreik kjæringa i huset.
"Å dæven, eg trudde det va her som heime i Maurud eg ", sa mannen - " berre ei dynn å rett ut ! "
Ikkje til å målbinde
Kjetil Oterbekk kom til meg ein seinsumardag, han ville at eg skulle sjå over jaktbørsa, og ynskte å ta nokre treningsskot. Han steig ut av bilen, blid som vanleg, og tok børse, hørselvern og patroner ut av bagasjerummet. Det lette utstyret hadde han i ein plastpose. Om denne var grøn, blå eller gulkvit hugsast ikkje nå, men logoen var ei rose som ligna mistenkeleg på den som eg har høyrt at Vinmonopolet brukar å ha på sine posar. Eg gjorde meg liksom litt ful, og sa: " Hårre har du finji tak i dennan fine påsån da ? " .............. " Å - det må vørå nokko som Hans og Arnhild ha hatt , dettan !
Solskinssag og storflaum
Like sud for Brendemo renn det ned ein liten bekk som kjem frå høgdene ovanfor Breidal. Min oldefar, Gunleik T. Nisi, f. 1843, fann ut at denne bekken var godt eigna som energikjelde til å driva ei sag han trong. På Vestre Nisi var det visstnok eingong ei vindmylle til formålet, men den var til nedfalls, og både tungvinn og klein i bruk. Blåsa kan det nok gjera på her uppe, men ikkje på bestilling. Men dette nyanlegget til Gunleik oppe ved Tinnsjå var heller ikkje heilt vellukka, På folkemunne vart namnet Solskinssaga. Avdi det sjeldan var vatn i bekken når det skulle skjerast.
Leiv Bergen, f. 1873 , blir hugsa som ein omfram flink kar. Rivene han laga gjeng det gjetord om ennå. Ein kombinasjon av det vi med meir nymotens ord kallar god design, og eit handverk i særklasse. Han sette seg også opp sag på garden sud-Bergen. Saga fekk vatn frå Storebekk, bekken som delar Bergengrenda i to. Dette gjekk så nokonlunde i mange år, sjølv om eigaren til tider klaga over lita vassføring. Men så kom storflaumen i 1927. Den som tok bruer og meir eller mindre faste innretningar etter vassdraga over store delar av Telemark. Saga til Leiv Bergen vart knust og nedfløymt av vassmassane. " Jau, han fekk da vatten på saga si Leiv au nå " , sa ei gamal kjæring som sto uppi vegen og såg nedover på vrakrestane etter det som eingong hadde vore.
Det vart truleg nokre dropar på Solskinssaga til Gunleik også i dette høve, for det er ikkje lenger spor å finne etter anlegget hans i bukta der oppe ved Tinnsjå.
Kappkjøre med månen
Rollevson
Min tippoldefar Ola Rollevson Brekke f. 1804 var ved sida av å vera gardbrukar, også lærar. Eit bel også ordførar i Hjartdal Prestegjeld, og då dette vart delt i 1859 vart han den fyrste ordførar i Gransherad/Hovin.
Kyrkja hadde stor makt den gongen, og prestane var nidkjære i tenesten. I 1872 fylgde den strenge A.G. Flood etter den meire innovervendte H. A. Aars.
Det var Flood som sto oppe på preikestolen den sundagen da Ola Rollevson reiste seg opp frå kyrkjebenken, slo staven sin i skåra framom så det small, og ropa : "Hell deg te evangelie, prest ! " Det var visstnok slik at Rollevson syntes presten gjekk for litt for langt i sin refsing av folkets ålmenne gudløyse og ungdomens nattefriing spesielt. Modig kar, denne Rollevson !
Han er også mannen bakom ei heller original gravferdstale som sat klistra i minnet til bygdefolket : Ein lite akta mann i bygda hadde gått bort. Ein med få vener. Ettersottig og hard, eigenskapar som gav god utteljing for bankboka, men visstnok gnog sterkt på sjela etterkvart. Rollevson meinte at også denne karen måtte få nokre ord med srg på siste reisa, og ville seia sanninga inne i kyrja utan at det lyddest for brutalt. Med respekt for det latinske ordtaket "de mortuis nihil nisi bene" - eller - "om dei døde ikkje anna enn godt." Ved båra høyrdes frå Rollevsson : "Ein vrest ha du vore ell di ti, men mest til din eigen skae !"
Vedlikehaldsansvar
Ein snørik vinterdag var Olav Brennekåsa på veg oppover Tuddalsdalen med tømmerbilen sin. Bakom låg ein Mercedes som pressa på, truleg ein hytteeigar, ein som hadde hastverk for å få mest muleg ut av sin ovale week-end oppe i den tuddølske fjellheim. På ei lita slette skar han forbi, men det varde ikkje så svært lenge før Brennekåsen tok han att, men da låg Mercen på halv tolv i lia ein par meter nedanfor vegen. Olav stoppa og lura på om han kunne vera til litt hjelp, og var sjølvsagt i otte for at personskade kanskje hadde skjedd. " Hvem er'e som brøyter hær a ? " - skreik sjåføren som kraup fram, passeleg forbanna, han hadde mista styringa i snølaget som hadde lagt seg sidan siste brøytebil gjekk. " Å - her uppe e det vegvesene så vitt eg veit " - , sa Olav Brennekåsa, " men nei der du ligg, der e eg sanneleg ikkje heilt sikker på håkken som har ansvare ! "
Och vem har sagt at just du skal ha bästa menyn
Sumarregn
Då ei skøyte vart kjøpt inn for å ivaretaka lokaltrafikken i den nedre delen av Tinnsjå, var det naturleg nok spørsmål om kva namnet skulle bli på dette fartøyet. Burus ! Fyrste stavelsane i dei den gong veglause grender Busnes og Rudsgrend. Om namnet i etterpåklokskapens namn var sjølgjeve, kven som eigentleg må tilkjennast mor- eller farskapet det veit eg ikkje. Båten vart truleg heller ikkje døypt med grendenes fremste kvinner og menn tilstades, og med champagneflaska knust mot baugen. I allefall ikkje knust. Habben Busnes, eller Halvor T. såg namnet som ei alvorleg diskriminering av Hovin, denne bygda på austsida av Tinnsjå som var ein av dei daglege destinasjonar på firkantsambandet. Namnet skulle vore Horebuss ! - sa Habben. Sjølv kjenner eg som innfødt tinnosgrending, at vi her nede også vart tråkka på ved denne dåpen. På eige initiativ, post festum, eller rettare, post mortem, vil eg hevda at namnet burde ha vore Horubussos av Tinnos. Eit namn som alle oppegåande menneske assosierar med handel, fangst, skip og sjøfart. Vi hugsar både Kosmos og Pelagos, sjølv kan eg sjå attende på mi eiga sjømannskarriere, 4 månaders hyre like ned til Cape Town og attende til Liverpool som smørjar på kvaloljetankaren Pontos.
Eg har derfor sterk fagleg bakgrunn for å kunna smørja tjukt på.
Sjølvforsvar
Min morbror Olav Venås lærde seg tidleg å spela fele. Nokon meisterspelemann vart han vel ikkje, men han hadde stor glede av musikken. Hadde han ei lita fribeite i slåtten eller i det daglege arbeide elles, sette han seg jamt oppe på eit rom og drog av nokre slåttar. Ein gong som liten gut i førskulealderen sat han på låvebrua og øvde. Ei liten oksepeis som gjekk ute og beitte vart nysgjerrig på låten som kom frå fela, han kom nærare og nærare. Og guten vart skremd, reddare og reddare. Til slutt tok han fela og klaska til dyret i panna. Det gjekk nok hardt ut over instrumentet, med til alt hell var det felemaker på garden. For dei vaksne elles vart det nok ei blanding av latter og skjenn.
Ein annan gong vart det helst berre latteren som trengde seg på. Rundt den same unge alder, han skulle fange mus og hadde spent opp musefella med ein liten fleskebit som åte. For å testa styrken på lukta, sette han nåsa inntil. Men au, litt for langt med det resultat at fella slo til over nås og lippe. Da var det ikkje greit å vera storesyster som måtte trøyste med ei påteken, medlidande mine.
Kunsten å gje kompliment
Ikkje ICA, REMA og
RIMI
Det var ein dag etter skulen at eg hadde eit ærende innom butkken på Haugen. Olav Wårstulen var i godlag, - ( ja det var han da som oftast ) - han hadde fått inn eit
parti med bortimot meterlange blomepotter i marmor, akkurat passelege til å plasera i ein solrik vindaugekarm. " Eit par slike må du kjøpe te mor di gutt" sa han, og dermed
kasta han ei av dei lange pottene over disken og bort i fanget mitt. Av instinkt gjorde eg sjølvsagt alle teikn på at dette kom til å bli tungt, stålsette meg i mottaket for ikkje å sleppa
den tunge stasen i golvet.
Treng eg å nemne at pottene var laga av kunstig marmorert isopor ? Da hadde Olav det moro. Det var den gong det, og ikkje nå. Ikkje akkurat REMA 1000 : Ta det du treng og betal i kassa.
Hadde Tinnnåa eit anna far langt attende i tid ?
Frå eg var liten høyrde eg det ofte blei sagt at Tinnåa rann på austsida av Nisigardane i gamal tid.
Og det var knytt segner til desse minna :
Det var visstnok ein stor høvding som rådde oppe i Busnes, og ein tilsvarande gauve på Nisi. Desse to karane, med huslyd og undersåttar var ikkje gode
vener, tvert i mot, dei sloss innbyrdes medan dei skattla landet dei rådde over. Men dei åt seg også innpå det vi med eit moderne ord kan kalla kvarandres interesseområde. For å få naturlege
og tryggare grenser vart Tinnåa lagd om til det laupet ho har i dag. Var begge medverkande, eller berre den eine part – det får vi aldri greie på.
Skal vi le av dette, og ta det som ei god historie, - eller ………………. ?
Den som har drive litt med vegar og vatn veit at det skal ikkje mykje til av ei renne i mold og sand før vatnet sjølv gjer jobben når flaumen kjem. Ein kan godt tenkja seg at lausmassene eller morena på vestsida av Tinnoset opphaveleg strekte seg heilt over til austsida. Om lag frå der dammen stend i dag og nedover. Åa gjekk på austsida av Nisi, og kom ut i traktene ved Libekk. Dermed vart Vigilen, Væringen og Nisitjønnane store hølar i denne elva.
Var det med menneskets hjelp, eller var det ein tusenårsflaum som gav elva eit nytt far på vestsida ? Eller er det heile berre fantasi og tankespinn ?
Det var vel eingong i 1970 åra at SKK sette i verk seismologiske prøver i området med tanke på kraftutbygging av dei såkalla Kopsland- falla. Det vart tenkt ein tunnel frå Væringen, tvers under Trostedalen og ut ved Kopsland. Det ville gjeve eit fall på vel 50 meter, og mykje rein kraft med Tinnelvas store vassmengder. I Tjønnedalen, den vesle dalstubben mellom Selsmyr (Væringen) og Nordre Nisitjønn vart det skote med dynamitt. Eg var til stades for moro skuld, og hugsar godt da geologen som sto for prøvene såg på datamaskinen sin etter at salva small, og sa: ”Her har det eingong runne ei elv”. No er det både torv og myrar i området. Kor fort lagar slikt seg i naturen ? Kanskje det var rett etter istida at vatnet rann her ei stund.
Ein fagmann kunne sikkert tidfesta når traktene blei deilvis turrlagde, dersom det var av interesse. Eg vil berre visa til biletet av Torstein med sverdet som finnst her på sidene, eit statusvåpen som eingong vart funne i ein gravhaug på Nisi. Det er frå vikingetida eller tidlegare, det vil seia ein gong i tidsrommet år 500 til år 900 e. K. Slike våpen var ikkje kvarmannseige den tid. Og slett ikkje ting til å grava ned, om det ikkje var ein heller gjev kar som skulle utstyrast for livet på andre sida.
1500 år pluss/minus synes å vera lang tid for manns minne. Om vi skal tru på segna om at elva vart lagt om med manns hjelp av årsaker som nemnd ovanfor. Men så var det da også ei storhending…………. !
Olav Nisi
«Gransherad om 50 år»
Avholdsrørsla sto sterkt i Gransherad frå tidleg på 1920 – talet og langt uti 1960 – åra.
Svært mange av bygdas folk var aktive i laget og bidrog til den sentrale plassen som det fekk i foreningslivet. Laget utgav med ujevne mellomrom eit håndskrivi tidskrift kalla «Gransheringen» og frå dette har med «saksa» eit av innlegga frå 1952.
-- «Nå har me endeleg komme dit at me kan skrive 2002 etter Kristus.
Verda har nå komme langt i utvikling og framgang, så at ein kan nesten ikkje kjenne seg att her.
I Gransherad har det vore store brigde med både folk og kultur.
Ein varm sumardag kjem eg farande med det gamle helikopteret mitt over sjølve byen. Det er underleg at vi har komme så langt med alt i bygda.
Det går autostrada gjennom dalen der storvegen låg før, og over Tinnelva er det ei kjempestor bru, der det er plass til 5 bilar i breidda. Det vil ikkje seie så lite for dei nye atomdrevne bilane er mykje breiare enn desse Fordane og Buickane som vart nytta for 50 år sea.
Ut frå autostradaen går mange fine vegar med asfaltdekke. Den største er vegen til Bøen og Uppgrenda. Der går han i fine sløyfur oppetter bakkane, så nå treng ein ikkje bruke hest lenger for å koma til Tråer eller Håve. Ja, i 1980 vart denne vegen ferdig etter at han hadde vore stukken ut 75 gongar.
Det er og noko anna ein fester seg ved når ein ikkje har vore her på lenge.
Etter vegen kjem ein stor buss med svært skilt på; dette skiltet har den flotte innskrifta «Busnes Billag».
Men det er ikkje berre kommunikasjonane som er forandra. Nei, det som viser seg mest er bysenteret og flyplassen. På flyplassen står 3 rutefly og 5 jetjagarar som høyrer til Heimevernet. Flyplassen ligg på Kopslandmoen.
Dei store handelshusa vekkjer stor undring, for nå er her ikkje nokre småbygg på to etasjar. Nei, dei vanlege butikkane er på 10 etasjar med ein avdeling i kvar etasje.
Eit anna stort bygg er lokalet til avholdslaget med eit stort hotell ved sida. Avholdslaget vært nå styrt av son til Hølje Bakken, ja, han fekk nå ein med tida han au. Gransherad Ungdomslag er nedlagt for her var ikkje fyllikar nok til å være med på festane lenger.
Ja, bygda har verkeleg gått fram og ho kan væra stolt av dei store mennene ho har fostra. I Lerkelunden står mange støtter og dei syner mange gjeve menn.
Noko anna som ein må legge merke til er den store stadion med svømmehall.
Den har nå 30 års jubileum til våren. Dette anlegget kosta mykje, men lagsmedlemmene har vore så flittige at dei har hjelpt laget med mest alt.
Av dette kan vi sjå at gransheringane duger til anna enn å eta graut dei og.
Slepp dei til så kan dei anna enn å syte og klage for at ingenting blir gjort.» --
Den framsynte.
Laget utgav med ujevne mellomrom eit håndskrivi tidskrift kalla «Gransheringen» og frå dette har med «saksa» eit av innlegga frå 1952. ( Hølje Bakken. )
Nyeste kommentarer