Vedtekter:    Gransherad historielag

Vedtatt på årsmøte i Gransherad historielag den 20. mars 2007

  • 1 Gransherad historielag skal fremje interesse for lokal- og slektshistorie i Gransherad. Laget skal legge vekt på at bygdehistoria blir sett i samanheng med annan historie og med dei samfunnstilhøva vi har i dag.
  • 2 Gransherad historielag skal fremje kulturvern, synleggjere lokale tradisjonar og samle inn og ta vare på ulikt materiale som har betyding for Gransherad si historie. Der laget finn det høveleg skal det stø opp om og eventuelt drive vern av lokale kulturminne. Laget skal ha som ein sentral oppgåve drifta og vedlikehaldet av Tjonebakken i Gransherad.
  • 3 Gransherad historielag er ope for alle med interesse for Gransherad si historie.
  • 4 Gransherad historielag bør gje ut Gransheradkalenderen kvart år. Kalenderen skal formidle kunnskap om ulike trekk ved Gransherad si historie.
  • 5 Gransherad historielag skal vere medlem av Landslaget for lokalhistorie, og der det er naturleg samordne arbeidet sitt med Telemark Historielag og lokale historielag elles.
  • 6 Gransherad historielag skal ha eit styre som skal leie laget si verksemd i samsvar med vedtektene og vedtak som er gjort. Styret skal føre protokoll for alle møte og andre aktivitetar. Styret skal syte for påliteleg rekneskapsføring, for at det vert utarbeidd årsmelding, rekneskap og budsjett.

Begge kjønn skal vere representert i styret. Så langt det er mogleg skal styret ha representantar for ulike delar av bygda og ulike aldersgrupper.

Styret skal ha 6 medlemmer, 2 varamedlemmer og ein valkomité på 3 personar. Eit av medlemene i valkomiteen skal vere medlem av styret. Minst 4 styremedlemmer må vere tilstades for at vedtak kan bli fatta. Dersom det er 4 eller 6 tilstades, skal formannen nytte dobbeltstemme ved avstemningar. Ein revisor skal utnemnast utanom styret.

Styremedlemene skal velgast for 2 år av gongen, slik at ikkje meir enn halvdelen av styret er på val om gongen.

Årsmøtet vel leiaren i laget for eit år om gongen, elles konstituerer styret seg på første styremøte etter årsmøtet.

  • 7  Årsmøtet skal haldast kvart år før 1.april. Møtet skal kunngjerast seinast 14 dagar på førehand.

Årsmøtet skal handsame:

  • Årsmelding
  • Rekneskap
  • Budsjett og medlemspengar
  • Val av leiar
  • Val av styremedlemer
  • Val av varafolk
  • Val av valnemnd med leiar
  • Val av revisor
  • Andre saker

  • 8 Skal vedtektene endrast, må det vedtakast på årsmøte med 2/3 fleirtal. Framlegg til endringar må sendast via styret og vere hos medlemmene seinast 14 dagar før årsmøtet.
  • 9 Skal laget oppløysast, må dette vedtakast på årsmøte med 2/3 fleirtal. Ved oppløysing let ein Gransherad grendeutval overta eigedomen til laget. Grendeutvalet pliktar ved overtaking å sikre at laget sin eigedom kjem folk i Gransherad til gode, og samstundes arbeide for at eit nytt ansvarleg styre tek over snarast råd.

 

Bygdebokfondet som vi tidligere i år har overtatt fra Hjartdalbanken, måtte vi formelt avholde et ekstraordinært årsmøte for godkjenning av handlings regler = statutter.

Referat fra ekstraordinært årsmøte i Gransherad Historielag 11.desember 2017

Det ekstraordinære årsmøtet ble holdt på Tjonebakken og hadde ei sak til behandling; Godkjenning av statutter for Bygdebokfondet
Leder i Historielaget, Per Olav Gunnes, ønsket 11 personer velkommen.
Sekretæren i laget, Sigmund Solvang, skulle ta seg av referatet.

Sak 1: Statutter for Bygdebokfondet
Gransherad Historielag har formelt overtatt fondet fra Hjartdalbanken og styret i laget har utarbeidet statutter for utdeling av midler.
Før utdeling kan skje må statuttene godkjennes av et årsmøte i historielaget.
Det var dette møtets oppgave og Per Olav leste opp styrets forslag som ble enstemmig vedtatt.

Gjeldende statutter vedlegges dette referatet.

Gransherad 12. desember 2017
Sigmund Solvang (referent)

12. des, 2017

BYGDEBOKFONDET

Bygdeboka for Gransherad kom ut i 1977. Salet av boka gav eit overskott som vart sett inn på ein fondskonto i Gransherad Sparebank.

Det har vore få utdelingar frå denne kontoen etter etableringa.
Gransherad Historielag har etter førespurnad frå nåværande Hjartdal og Gransherad Sparebank takka ja til å overta ansvaret for disponeringa av fondet.
Beløpet utgjorde ved overføringa i 2017 kr. 285.929,-
Historielaget vil la det til kvar tid sittande Styret i laget vedta utdelingar frå fondet. Som grunnlag for dette arbeidet vil det være eit sett reglar = statuttar. 
Endringar i statuttane vil i framtida ha krav om godkjenning av lagets årsmøte med minst 2/3 fleirtal. 

STATUTTAR FOR DISPONERING AV BYGDEBOKFONDET ****************************************************************************
1) Utdelingar frå Bygdebokfondet kan gå til personar og/eller lag og foreningar som har bidratt, eller bidrar, med arbeid og aktivitetar som tek vare på, og stør opp om, tradisjonar og historie av varig verdi for bygda.

2) Med tanke på den tida som har gått etter at fondet vart oppretta vil og arbeid og aktivitetar i tråd med punkt 1 – og som er avslutta – bli gjort aktuelle for vurdering av utdeling frå fondet.

3) Det er til kvar tid det sittande styret i Historielaget som besluttar utdeling. Vedtak kan skje når styrets leiar + minst 3 øvrige styremedlemmer/varamedlemmer er tilstede. Et vedtak krev minst to tredjedels (2/3) fleirtal.

4) Forslag til kandidatar, med grunngjeving, sendast skrifteleg ved brev eller E-post til Historielaget.

5) Ved beslutta utdeling kan beløpet variere frå 2.500 til 25.000 kroner, alt etter ei vurdering av det enkelte forslag sett i samsvar med fondets økonomi.